Archive for the 'Funderingar' Category



Vilhelm Frimann Koren Bjerknes

Vilhelm BjerknesVi har feira 150-års dagen til Vilhelm Bjerknes – fysikkprofessoren som gjorde meteorologi til vitskap, og bygde opp ei operativ vêrteneste for Vestlandet. Historia om Bjerknes er i høve jubileet fortalt mellom anna i Aftenposten og Bergens Tidende, og Wikipedia har solid omtale av han, det samme har Store Norske, så det er knapt naudsynt gå i detaljar her. Av enkelte oppslag i høve jubiletet kan ein få inntrykk av at han er gløymt. Det er langt frå slik. Google gjev 540 000 tilslag på namnet hans, og han er nok den norske geovitaren som er best kjent internasjonalt.

Det er mange fascinerande sider ved Bjerknes. Ei er sjølvsagt at han brukte sin sterke teoretiske kunnskap i fysikk til å revolusjonere meteorologien – det visar verdien ved å gå på tvers av og bryte ned faglege grenser. Så må han ha vore ein strålande formidlar – eit foredrag i Washington DC i 1904 gav han støtte til to assistentar frå Carnegie Institution i over 30 år, og kronikkar i Aftenposten om nye prinsipp for vêrvarsling og eit kort møte med statsmininster Gunnar Knudsen skaffa løyvingar til å bygge opp eit meteorologisk observasjonsnett. Ikkje mindre imponerande er evna hans til å velge ut flinke assistentar og løfte dei fram. Resultatet var at dei, og så elevane deira vidareutvikla meteorologi til det kunnskapsnivået vi har i dag. Bergensskulen vart eit internasjonalt omgrep innan geovitskapane, og det går ei direkte linje frå Bjerknes til dei fremste forskarane innan fagfeltet no. Slik er det også i dag viktige lærdomar å hente frå Vilhelm Frimann Koren Bjerknes – om verdet av tverrfagleg virke, om nytten av forskningsformidling, og om å ta vare på etterveksten.

Biletet: Overbibliotekar Live Rasmussen kronar Vilhelm Bjerknes ved opninga av det nye Realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes hus.

Kryosfærekriminalitet

BøyabreenBBC melder at ein mann er arrestert i Chile for å ha stole fem tonn is frå Jorge Montt-breen i Patagonia. Isen var tenkt nytta til whisky-on-the-rocks i Santiago. Verdet på lasta er oppgjeve til 3 mill pesos, ca 30000 kr. I fylgje dette skulle Jostedalsbreen, som har eit volum på 73 km3, ha ein marknadsverdi på 400 000 000 000 000 kr …
Foto: Bøyabreen (NRS)

Geofagleg aprilsnarr

Sidan det er 1. april i dag – er det mogeleg å lage ein geofagleg aprilsnarr? Det beste forslaget eg makta å kome med sjølv var å foreslå at komiteen som bedømde doktordisputasen på instituttet i dag skulle kunngjere at kandidaten var underkjent. Forslaget vart av gode grunnar nedstemt. Så i staden måtte eg sjekka litt rundt om i verda, og fann eit oppslag, i Politiken: «Danmark er blevet mindre efter japansk jordskælv». Utgangspunktet er at Danmark etter jordskjelvet i Japan har flytta seg 50 cm sørover, og sidan grensa ligg fast er 30 km2 av dansk jord vorten tysk.

Tykkjer den var god, eg! Andre som har funne tilsvarande gullkorn?

Radioaktivitet og geografi

Dei norske skiskyttarane har fått kalde føter (det har dei sikkert ofte) når det gjeld å delta i skiskyttarshowet i Russland som avsluttar sesongen. Grunnen skal vere at det er er på Kamtsjatkahavøya, nærare bestemt i Petropavlovsk-Kamtsjatskij, og dei fryktar radioaktivitetet fra Fukushima-kraftverket. NRK melder at stadion berre ligg 300 km frå Japan.

Det er kanskje på tide at NRK og skiskyttarane oppdaterer karta sine. Mellom Japan og Kamtsjatka ligg øybogen Kurilane, og den nordlegaste øya ligg ca 300 km frå Petropavlovsk. Etter den andre verdskrigen annekterte Russland heile øyrekka, og grensa går nå heilt nede ved Hokkaido, 1400 km unna. Derfrå er det 800 km vidare til Fukushima, til saman 2200 km. Det er altså som om nokon skulle la være å stille opp i Holmenkollen dersom det var problem med eit kjernekraftverk i Spania.

Og eg som trudde at skiskyttarar var tøffe jenter og gutar!

Verdas vanndag – Vann i byer

vannpost22. mars: Det er «World Water Day» i dag, og årets tema er vatn i byar. Hovudarrangementet i Oslo er i CIENS i Forskningsparken, med eit heildagsarrangement ved Norsk hydrologiråd, Norsk vannforening, Tekna, Norsk bistandsforum og UNESCO-kommisjonen. Det er vel kanskje ikkje god tone å sitere seg sjølv, men eg er vorten utfordra av masterbloggen.no til å skrive eit innlegg om vatn, og eg har filosofert over millenniumsmåla for vassforsyning og sanitærtenester. Innlegget finn du her.

Biletet, som eg tok i Delhi i 2009, syner ein vannpost som nok tilfredstiller FNs krav til «improved water source» og dermed stettar minimumskrava i millenniummålet for vassforsyning. Ville du vore nøgd med ei slik vassforsyning?

1000-års bylgje?

TsunamiDet er sjølvsagt for tidleg å analysere den katastrofale tsunamien i Japan – det fysiske omfanget er knapt kartlagt enno. Dr. Roger Musson, som er leiar for «Seismic Hazards and Archives» ved British Geological Survey, har likevel tankar om at dette kan vere ei 1000-års hending. Bakgrunnen er at den førre tsunamien i Japan av samme storleik ser ut til å ha vore den i 869 e.kr., og at ein kjenner til et par tidlegare hendingar i samme klasse over dei siste 3000 åra. Slike hendingar set både historiske og geologiske spor, og det er grunnlaget for at ein kan ha ei meining om frekvensen. At det er ei tusenårshending betyr (diverre for Japan) ikkje at det er 1000 år til neste gong, men at det er 1/1000 sannsynlegheit for at hendelsen skal skje i eit bestemt år. Nå må ein nok tru at det går eit stund til neste gong i Japan, sidan det nok tek tid før det bygger seg opp store nok spenningar i jordskorpa til at det kan utløyse eit nytt styrke 9-jordskjelv.

Ein skal også merke seg at dersom analysen til Musson er rett, så betyr det at dette var ei tusenårshending i Japan, ikke globalt.

Meir hjå BBC, som også har rettane til biletet.

Geofag-låt?

foldVar på konsert med Nordstrand ungdomssymfoniorkester her om dagen – kjempekonsert saman med Juniorsymfonikerne. Eit av nummera på det uortodokse programmet var «In the Stone» av Earth, Wind and Fire. Det slo meg at skulle geofaga ha eit favorittband måtte det vere Earth, Wind and Fire, og In the Stone som oppsang. Eller har du eit betre forslag?

Godt nytt år!

Metal RabbitI natt, 3. februar kl 3:30 er det nymåne. I Vestlands-tradisjonen går vi frå Torre månad og inn i ho Jø, den barskaste av årets månadar. I Kina og Vietnam markerar nymånen det nye året, Kina går frå Tiger til Harens år og Vietnam frå Tiger til Katt – det er eit av dei få åra som har ulike dyresymbol i dei to landa. Sidan vi er inne i metall-elementet, så er 2011 metallharens år, ei blanding av mjukt og hardt. Den store festen kan ta til – vårfesten i Kina og Tet i Vietnam. Vi ynskjer våre kollegar godt nytt år, og kan unne oss ei månefeiring sjølv – månen påverkar oss, om kanskje mindre enn bestemor mi trudde.

Vulkanoske og verdien av kunnskap

Det er ikkje enkelt å vurdere verdien av kunnskap og forsking. Vulkanutbrotet i Eyjafjallajökull har likevel gjeve oss eit godt døme på fylgjene av å ikkje ha nok kunnskap. Flytrafikken i Europa har stoppa opp – ikkje fordi det er naudsynt, men fordi vi ikkje har nok kunnskap. Vi har rettnok rimeleg bra atmosfæremodellar til å gje prognoser for utbreiingsområdet til oskeskya, men modellane kan ikkje gje detaljert informasjon, og det manglar overvakingssystem som kan gje informasjon om konsentrasjon, størrelse og samansetjing av oskepartiklane. Ein veit heller ikkje nok om kva som er terskelverdiar for skader av ulikt omfang på fly. Sivil luftfart arbeider naturleg nok under strenge tryggleikskrav. Når kunnskap om slike ytre påverkander som oskepartiklane manglar, må ein kompensere for dette med svært store tryggleiksmarginar. Verdien av auka kunnskap ligg i at ein kan redusere desse marginane utan at det går ut over tryggleiken.

Med meir kunnskap om denne naturhendinga (som måtte kome, og vil kome omatt) ville truleg flytrafikken i Europa berre hatt mindre avvik desse dagane.

Oskeskya er her

SørkedalenSå er oska frå vulkanen under Eyjafjallajökull her. Ein fin demonstrasjon av kor fort luftstraumane i den øvre delen av troposfæren over Nordatlanteren går. Samstundes er det ei påminning om dei veldige kreftene i djupet under Island, krefter som driv kontinent frå kvarandre og som er i stand til setje Europa på ende på ein augneblink. Eit lite utbrot som dette lagar kaos i lufttransporten over store deler av Europa – ein kan då undras over kva verknad eit utbrot som Lakagigar-utbrotet i 1783-84 ville ha i dag. Ut over dei katastrofale verknaden det hadde på Island (over 20% av folket døydde i hungersnaud), ga klimaverknadene uår i Europa. Frå desse uåra kan ein lesa ei eit årsakskjede som fører til den franske revolusjonen, Napoleon, Napoleonskrigane, Grunnlova og unionen med Sverige …