Archive for the 'Funderingar' Category

UNIS og Svalbard – ytterst i verda

UNIS and LongyearbyenSom ansvarleg for eit bachelorkurs (Arctic Hydrology and Climate Change) på UNIS – Universitetssenteret på Svalbard – har eg hatt godt høve til å fundere på kva som gjer dette til ein spesiell studiestad. Eg fylgjer gjerne studentane eit halvt år, og ser at dette er eit halvår som ikkje berre er eit minne for livet, men som også formar og utviklar i uvanleg grad. Alle lærestader er spesielle, men UNIS har kvalitetar som set institusjonen i ein særklasse.

Zodiac on Billefjorden
Naturen: Det skiftande lyset, dagslyset som svinn inn i polarmørket, det barske landskapet med pastellfargane, og det artsfattige men alltid nærværande dyrelivet gjev ei kjensle av å være på ein lett uverkeleg stad – ytterst i verda.

Sunset on IsfjordenKlassen: Studentar med svært ulik bakgrunn og erfaringar – i år er åtte nasjonalitetar representert i klassen på 12 – utviklar fort eit sterkt klassesamhald etter å ha hoppa i fjorden og trava over fly, fjell og bre i felt saman. A refreshing swim
Nettverket vert globalt, og sosiale media gjer det lett å halde kontakt etter at Svalbardtida er omme – og dei fleste gjer det.

AT-209 students on Bertilbreen
Lokalsamfunnet: Longyearbyen er liten (ca 2000 innbuarar), men med eit uventa stort tilbod av forretningar, restaurantar, barar og foreningar. Dei fastbuande har oppdaga kor viktige studentane er for aktivitetane lokalt, og dørane står opne for den som vil delta i aktivitetar og foreningsliv.

Den beste undervegs-evalueringen på UNIS er at studentane halvvegs i semesteret er på vill jakt etter opplegg som kan forlenge opphaldet –
Cool it, baby

Reklame

Augustnetter

MeteorAugusnettene er noko for seg sjølv. Stjernene dukkar opp att på nattehimmelen – det er mørkt nok til å sjå stjerneskota i Perseidene, og mildt nok til å ligge på ryggen på ei låvebru og vente på neste meteor. Sjølv på Oslohimmelen vinn dei sterkaste over strølyset, som eldkula på fotoet der ho fér sørover over Østmarka.

Foto: NRS

Ingen skriv om augustnatta som Jeremias i Tröstlösa:

En borde inte sova när natten faller på
för tänk, då blänker stjärnorna högt uppe i det blå.
Det är så tyst och stilla.
Att sova vore illa.
Jag vandrar mina vägar över slätt och genom skog,
och stjärnorna de följer mig, så sällskap har jag nog.

Det sägs dom äro tusen mil och mer ändå från oss.
Än brinner de med stadigt sken, än flammar de som bloss.
Som silver och kristaller,
nu deras gnistor faller,
och en annan flammer till när hon har brunnit ut,
så faller hon, då blir det som en strimma rök till slut.

En kan vel aldrig drömma så grant och underbart,
som själva natten ter sig när de stjärnor lyser klart.
Det er som om det hördes
ett silverspel som rördes.
En borde inte sova när natten faller på.
En borde se på stjärnorna. En borde vara två.

Jeremias bok. II : värs och visor.

Føremelding frå geofagstudentane

Snømåling25. februar var studentane i GEO2010 Overflatehydrologi og GEG2110 Landformdannende prosesser ute i felt for å ta snømålingar. Målingane var frå byrjinga planlagt til mars, men slik denne vinteren utviklar seg verka det tryggast å ta dei medan vi enno har snø i marka. 25 studentar fordelt på fem grupper la ut til Nikulpmyrene i Tryvannsåsen og målte snøstrekk både i ope terreng og i skog. Trass i mildveret var det i snitt 60-70 cm snødjup med nokså kompakt snø, så skiføret i høgda (Nikulpmyrene ligg 420 moh) skal nok halde ei god stund enno. Men det finst ikkje tele, og snøen er nokså metta, så smeltebekkar kan fort opne seg.

Skjeggestad bru og kvikkleira

FarekartDet er mykje kvikkleire i Norge, over store deler av arealet som er under øvre marine grense. Kvikkleire som er i sin opphavelege posisjon er i grunnen dømt til å rase ut etter kvart som havsaltet som stabiliserer henne vaskast ut. Dette er ein langsam prosess, over årtusener, og på ein gjeven stad er eit leirfall ein sjeldan hendelse som det er vanskeleg å føreseie. For lineær infrastruktur som vegar og jarnveg vert biletet eit anna – det er stor sannsynlegheit for at ein strekning vert råka i levetida til strukturen.

Etter leirfallet ved Skjeggestad bru sit ein utanforståande som eg att med to funderingar: Den eine – burde ikkje bruer i leirskredutsette områder vere fundamentert og dimensjonert med tanke på leirskred, eller i det minste ha varslingssystem for rørsle i grunnen? Den andre: Det ser ut til at det allereide hadde vore utgliding i terrenget ved brua – det er snakk om synkehol eller utgliding langs elva. Likevel køyres ein bulldosar ut for planere, eit potensielt svært farleg oppdrag, utan varsling av kommune eller vegvesen, og utan geotekniske undersøkingar. Det ser ut til at risikobiletet rundt leirskred er dårleg forstått, sjølv mellom dei som arbeider i «frontlinja» i slike høve.

Biletet: Eit utsnitt av farekartet for leirskred (http://atlas.nve.no) for området rundt Skjeggestad bru. Som vi ser er i området rett ved brua merka av, men like nord og sør for brua er det to soner med ulik fareklasse.

Torre månad

MånenSett nymånen? 20. januar gjekk me inn i Torre månad etter den gamle månekalenderen. Torre er den fjerde av dei seks vintermånaden, og saman med Gjø, som er den femte, den einaste som enno levde i folkeminnet då eg voks opp i Lærdal. Torre er den hardaste og kaldaste vintermånaden, noko som Gjø nok var avundsjuk på, etter bestefar min sitt herme etter henne (ho er kvinne, Torre er mann): «Hadde eg kome før Torre, bror min, hadde eg frose borken av tre, horn av fe, og barn or mors liv».

Så dersom du kjenner for nok ein fest etter julefeiringa, er det tid for Torreblot – skål!

 

Hestens år

Hestar i ErdalVi er alt to dagar inne i Hestens år, og våre kinesiske og vietnamesiske vener er godt i gang med feiringa av nyår og vårfestival. Det er ein familiefest som jul og nyttår tilsaman. Den kinesiske og vietamesiske kalenderen har som kjent ein tolvårleg syklus, alle med namn og eigenskapar etter eit dyr, verkeleg eller mytisk. Kvifor tolv? Omlaupstida til Jupiter rundt sola er nær 12 år. Så jordas rotasjon gev døgnet, månens omlaupstid gjev månaden, jordas omlaupstid året og Jupiter gjev 12 årssyklusen. Dei tolv dyrenamna (åra har også eit regulært namn) svarar til dei tolv stjerneteikna i den kinesiske dyrekretsen (zodiaken). I tillegg til 12 års-syklusen er det også ein tiårssyklus, der to og to år høyrer til eit element – tre, eld, jord, metall og vatn. Desse to syklusane gjev saman ein 60 årssyklus. Vi er nå i trehestens år, Jia Wu. Hesten sin styrke og sjølvstende gjev positive trekk til året, men tre er knytta til eld og energi, som også kan føre med seg konflikt og krig. Det fine med 60 årskalenderen er at den framhevar at kvart nytt år opnar for nye mogelegheiter, og at alle år er ulike. Dette skriv ein Bing Xu – eldhund. Godt nytt år!
Foto: NRS, frå Erdal

Long time no see

MartinGodt år, godtfolk! Bloggen har fått lege urørt siste halvåret, medan eg har refokusert på nye oppgåver. Det har vorte mykje undervisning – AT-209 Arctic hydrology and climate change ved Arktisk teknologi på Universitetssenteret på Svalbard, GEO4171 Floods and landslides ved Institutt for Geofag, og THT300 Vassdragsplanlegging og VA-systemer ved Institutt for matematiske realfag og teknologi på Norsk miljø- og biovitenskaplege universitet (NMBU – nyorganisering og nytt namn frå 1. januar). På UNIS har eg ein professor II-stilling. Ved sidan av undervisninga har eg også arbeidd for Multiconsult/Norplan – prosjektarbeid og prosjektsøknader, fyrst og fremst i Malawi. No tek eg opp att bloggen, men frå ein annan ståstad og med andre utsyn enn som instituttleiar.
Nils Roar, frittgåande professor

Statoil sin realfagpris

Statoil har engasjert seg sterkt i realfagsrekrutteringa, og arrangerer kvart år ein realfagskonkurranse for vidaregåande skular i samarbeid med dei regionale vitensentra. Dei regionale vinnarane vart kåra i april, for Austlandet vann Lise Wessel Larsen, Maria Storm-Gran og Sofie Smith Vågen frå Elvebakken vgs. Nå har det vore nasjonal finale, og nasjonale vinnarar er Lea Sjurine Starck, Rebekka Frøystad og Simon Stava fra Danielsen vgs skole i Bergen. Det ser ut som gutane må skjerpe seg! På regionalt nivå skulle laga skulle svare på fem oppgåver med fylgjande overskrifter:
Oppgave 1 – Klimautslipp fra kull, verdens mest forurensende fossile energikilde, eller bruk av vannkraft?
Oppgave 2 – Sukkertare – en alternativ energikilde?
Oppgave 3 – Kjernereaksjoner – kan de løse fremtidens klima og energiutfordringer?
Oppgave 4 – Energiutfordringer etter ulykken i Fukoshima
Oppgave 5 – Energieffektivitet – Tenke globalt, handle lokalt. Hva kan du gjøre?

Den som har lyst til å røyne seg mot «morgondagens heltar» finn dei fulle oppgåvene her.

Flaumen går

Golsfossen– i Norig er vår, bjørka sprett i dalom. Så heiter det i Døla-Visa av Ivar Mortenson-Egnund. Flaumen er eit vårtegn, om noko meir voldsomt enn bjørkelauvet, men like fullt ein del av den norske kvardagen. Og når kraftig vårregn møter snøsmeltinga vaknar elvane verkeleg til liv. No meldes det om 50-års flaum mange stader – kva er det? Det er ikkje ein flaum som kjem att kvart femtiende år, og det er ikke ein flaum som det går 50 år mellom kvar gong vi opplever den i Norge. Det er ein flaumstørrelse som det er 1/50, altså 2%, sjanse for at vert overskriden kvart år på ein gjeven stad, for eksempel i elva der du bur. Og opplever du ein femtiårs flaum i år, er det like stor sjanse (2%) for at det samme skjer neste år. Dersom tilhøva ikke endrar seg, og du kan fylgje flaumane i lang tid, vil det i løpet av 1000 år være om lag 20 flaumar som er 50-års flaum eller større. I gjennomsnitt vil det altså vere 50 år mellom kvar gong 50-års flaumen vert overskriden – av det namnet. No er det i Norge mange elvar og vassdrag, av ulik størrelse og med ulike klimaregimer, og dermed er det i heile landet, og også innan landsdelane, mange flaumar som når 50-års nivået eller meir i løpet av 50 år. Størrelsen på flaum med 50 år eller andre gjentaksintervall vert fastsett ved analyser av lange måleseriar av vassføringa i elvane og innsjøane våre. Meir om flaum, og flaumvarsel, finn du på heimesidene til NVE.

Biletet: Hemsil ved Gol i mai 2004, fotograf NRS.

Quacq… what? Geofag på UiO gjer det bra på QS-rangeringa

QS rankingTrass i det spesielle namnet er Quacquarelli Symonds-rangeringa (QS) den mest interessante av dei store universitetsrangeringane på institituttnivå. Dette fordi dei går ned på fagdisiplin-nivå. Dei baserar rangeringa i hovudsak på spørjeundersøkelsar i akademia (40%), hjå arbeidsgjevarar (internasjonalt – 10%) og siteringar pr vitskapleg tilsett (20%). I tillegg kjem intervju med eigne studentar, del internasjonale studentar, og del internasjonale tilsette. 2013-rangeringa er no publisert, og mellom anna plukka opp av Aftenposten: «Norske universiteter best i historie, geografi og medievitenskap».

Det er rett at Universitetet i Oslo gjer det best i samfunnsvitskap og humaniora, og er inne mellom dei 50 beste miljøa i verda innan kommunikasjon og mediastudier, historie, geografi, pedagogikk og statsvitskap. Når det gjeld naturvitskapane er biletet meir variabelt. Geofag – «Earth & Marine Sciences» – gjer det bra. Vi ligg mellom plass 50 og 100 (QS-rangeringa har berre nummerert liste på dei 50 på topp) – best av dei norske miljøa, og saman med København og Uppsala av dei skandinaviske universiteta. Det er ingen skandinaviske universitet mellom dei 50 beste.

UiO gjer det godt på akademisk omdøme og siteringar. Det som dreg ned er omdømet hjå arbeidsgjevarane, noko geofag deler med dei andre naturfaga i Oslo. Den same tendensen ser vi for Bergen – er vi for lite synlege hjå det internasjonale næringslivet? «Earth and Marine Science»-rangeringa til QS finn du her.