Vi er alt to dagar inne i Hestens år, og våre kinesiske og vietnamesiske vener er godt i gang med feiringa av nyår og vårfestival. Det er ein familiefest som jul og nyttår tilsaman. Den kinesiske og vietamesiske kalenderen har som kjent ein tolvårleg syklus, alle med namn og eigenskapar etter eit dyr, verkeleg eller mytisk. Kvifor tolv? Omlaupstida til Jupiter rundt sola er nær 12 år. Så jordas rotasjon gev døgnet, månens omlaupstid gjev månaden, jordas omlaupstid året og Jupiter gjev 12 årssyklusen. Dei tolv dyrenamna (åra har også eit regulært namn) svarar til dei tolv stjerneteikna i den kinesiske dyrekretsen (zodiaken). I tillegg til 12 års-syklusen er det også ein tiårssyklus, der to og to år høyrer til eit element – tre, eld, jord, metall og vatn. Desse to syklusane gjev saman ein 60 årssyklus. Vi er nå i trehestens år, Jia Wu. Hesten sin styrke og sjølvstende gjev positive trekk til året, men tre er knytta til eld og energi, som også kan føre med seg konflikt og krig. Det fine med 60 årskalenderen er at den framhevar at kvart nytt år opnar for nye mogelegheiter, og at alle år er ulike. Dette skriv ein Bing Xu – eldhund. Godt nytt år!
Foto: NRS, frå Erdal
Hestens år
Published 2014/02/03 Funderingar Leave a CommentStikkord:astronomi, elementer, kalender, Kina, Vietnam
0 Svar to “Hestens år”