Arkiv for februar 2014

Studentundersøkinga 2014

IntromøteNOKUT publiserar i dag Studentundersøkinga 2014, ei intervjuundersøking som går til alle programstudentar i Norge – stort sett svarar ein tredel, alt i alt 17600. Undersøkinga er ganske detaljert, og respondentane gjev karakter frå 1 til 5, der 5 er best. Hovedinntrykket er det ikkje står så verst til, alt i alt gjev 77%  fire eller fem som uttrykk for kor nøgde dei er med sitt eige studium. 

Korleis det står til med geofaga? Som heilheitsvurdering får Fysikk, astronomi og meteorologi  (FAM) 4.4, Geofag: geologi, geofysikk og geografi (GGG) får 4.2. FAM scorar best på læringsmiljø, engasjement og eksamen, dårlegast på undervisning (likevel 3.5), medan GGG gjer det best på yrkesrelevans og eksamen, men er heilt nede på 2.6 på medverknad og har eit klart betringspotensial på undervisning (3.0). Masterprogrammet ligg med 4.0 i heilheitsvurdering, og jamnt over rundt 4, også her svakast på medverknad og undervisning.

Det er alltid spennande å samanlikne seg med andre. Dersom vi ser rundt oss på Matematisk-naturvitskapleg fakultet toppar Matematikk, informatikk og teknologi av dei bachelor-programma som har nok svar til å få karakter med 4.7 som heilheitsvurdering, så kjem Informatikk: språk og kommunikasjon med 4.6, etter det FAM, Molekylærbiologi og biologisk kjemi og GGG. All bachelorprogram på MatNat der det er nok respondentar har 4 eller betre som heilheitsvurdering.

På nasjonal basis er gjennomsnittet av geofag-bachelorprogramma 4.1, og Geovitenskap i Bergen og Geologi og geofare i Sogndal toppar med 4.7. Hatten av for dei!
Det er meir detaljar på NOKUT si studentbarometerside – her
Foto: NRS, Introduksjonsmøte GGG

Reklame

Hestens år

Hestar i ErdalVi er alt to dagar inne i Hestens år, og våre kinesiske og vietnamesiske vener er godt i gang med feiringa av nyår og vårfestival. Det er ein familiefest som jul og nyttår tilsaman. Den kinesiske og vietamesiske kalenderen har som kjent ein tolvårleg syklus, alle med namn og eigenskapar etter eit dyr, verkeleg eller mytisk. Kvifor tolv? Omlaupstida til Jupiter rundt sola er nær 12 år. Så jordas rotasjon gev døgnet, månens omlaupstid gjev månaden, jordas omlaupstid året og Jupiter gjev 12 årssyklusen. Dei tolv dyrenamna (åra har også eit regulært namn) svarar til dei tolv stjerneteikna i den kinesiske dyrekretsen (zodiaken). I tillegg til 12 års-syklusen er det også ein tiårssyklus, der to og to år høyrer til eit element – tre, eld, jord, metall og vatn. Desse to syklusane gjev saman ein 60 årssyklus. Vi er nå i trehestens år, Jia Wu. Hesten sin styrke og sjølvstende gjev positive trekk til året, men tre er knytta til eld og energi, som også kan føre med seg konflikt og krig. Det fine med 60 årskalenderen er at den framhevar at kvart nytt år opnar for nye mogelegheiter, og at alle år er ulike. Dette skriv ein Bing Xu – eldhund. Godt nytt år!
Foto: NRS, frå Erdal