Kampen om arktisk senter er avgjort

RiggI statbudsjettet for 2012 var det lagt inn to nye senter for petroleumsforskning, eit forsknings- og kompetansesenter for petroleumsvirksomhet i nordområdene og Arktis og eit for auka utvinning. Ei viktig føring for det fyrste var at det skulle lokaliserast i nord. Begge sentra er utlyst og vil verte administrert av Forskningsrådet. Søknadsfristen for det arktiske senteret var i februar. Det var to konsortium som søkte, eit leia av Universitetet i Tromsø, og eit av Høgskulen i Narvik. Institutt for geofag deltok i Tromsø-konsortiet – Jan Inge Faleide gjorde ein stor innsats i søknadsarbeidet og er leiar av arbeidspakke 1 – Basin analysis. Utfallet vart offentleggjort med pressekonferanse i dag; Tromsøinitiativet, “ARCEx – Research Centre for Arctic Petroleum Exploration” vann fram. Vi gratulerer UiT og senterleiar Karin Andreassen ved Institutt for Geologi – og Jan Inge!

Nasjonale forskningspartnerar i senteret er:
University of Tromsø – Faculty of Science and Technology (UiT-NT)
University of Tromsø – Faculty of Biosciences, Fisheries and Economics (UiT-BFE)
Akvaplan-Niva (APN)
Northern Research Institute (NORUT)
University of Oslo – Department of Geosciences (UiO-Geo)
The University Centre in Svalbard (UNIS)
University of Bergen – Department of Earth Sciences (UiB-Geo)
Norwegian University of Science and Technology (NTNU)
The Geological Survey of Norway (NGU)
University of Stavanger- Centre for Risk Management and Societal Safety (UiS-SEROS)
International Research Institute of Stavanger (IRIS)

Meir om tildelinga frå Forskningsrådet her, og frå UiT her.

Foto: NRS

0 Responses to “Kampen om arktisk senter er avgjort”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s





%d bloggarar likar dette: