Trass i det spesielle namnet er Quacquarelli Symonds-rangeringa (QS) den mest interessante av dei store universitetsrangeringane på institituttnivå. Dette fordi dei går ned på fagdisiplin-nivå. Dei baserar rangeringa i hovudsak på spørjeundersøkelsar i akademia (40%), hjå arbeidsgjevarar (internasjonalt – 10%) og siteringar pr vitskapleg tilsett (20%). I tillegg kjem intervju med eigne studentar, del internasjonale studentar, og del internasjonale tilsette. 2013-rangeringa er no publisert, og mellom anna plukka opp av Aftenposten: «Norske universiteter best i historie, geografi og medievitenskap».
Det er rett at Universitetet i Oslo gjer det best i samfunnsvitskap og humaniora, og er inne mellom dei 50 beste miljøa i verda innan kommunikasjon og mediastudier, historie, geografi, pedagogikk og statsvitskap. Når det gjeld naturvitskapane er biletet meir variabelt. Geofag – «Earth & Marine Sciences» – gjer det bra. Vi ligg mellom plass 50 og 100 (QS-rangeringa har berre nummerert liste på dei 50 på topp) – best av dei norske miljøa, og saman med København og Uppsala av dei skandinaviske universiteta. Det er ingen skandinaviske universitet mellom dei 50 beste.
UiO gjer det godt på akademisk omdøme og siteringar. Det som dreg ned er omdømet hjå arbeidsgjevarane, noko geofag deler med dei andre naturfaga i Oslo. Den same tendensen ser vi for Bergen – er vi for lite synlege hjå det internasjonale næringslivet? «Earth and Marine Science»-rangeringa til QS finn du her.
0 Svar to “Quacq… what? Geofag på UiO gjer det bra på QS-rangeringa”