Arkiv for mai 2013

Kampen om arktisk senter er avgjort

RiggI statbudsjettet for 2012 var det lagt inn to nye senter for petroleumsforskning, eit forsknings- og kompetansesenter for petroleumsvirksomhet i nordområdene og Arktis og eit for auka utvinning. Ei viktig føring for det fyrste var at det skulle lokaliserast i nord. Begge sentra er utlyst og vil verte administrert av Forskningsrådet. Søknadsfristen for det arktiske senteret var i februar. Det var to konsortium som søkte, eit leia av Universitetet i Tromsø, og eit av Høgskulen i Narvik. Institutt for geofag deltok i Tromsø-konsortiet – Jan Inge Faleide gjorde ein stor innsats i søknadsarbeidet og er leiar av arbeidspakke 1 – Basin analysis. Utfallet vart offentleggjort med pressekonferanse i dag; Tromsøinitiativet, «ARCEx – Research Centre for Arctic Petroleum Exploration» vann fram. Vi gratulerer UiT og senterleiar Karin Andreassen ved Institutt for Geologi – og Jan Inge!

Nasjonale forskningspartnerar i senteret er:
University of Tromsø – Faculty of Science and Technology (UiT-NT)
University of Tromsø – Faculty of Biosciences, Fisheries and Economics (UiT-BFE)
Akvaplan-Niva (APN)
Northern Research Institute (NORUT)
University of Oslo – Department of Geosciences (UiO-Geo)
The University Centre in Svalbard (UNIS)
University of Bergen – Department of Earth Sciences (UiB-Geo)
Norwegian University of Science and Technology (NTNU)
The Geological Survey of Norway (NGU)
University of Stavanger- Centre for Risk Management and Societal Safety (UiS-SEROS)
International Research Institute of Stavanger (IRIS)

Meir om tildelinga frå Forskningsrådet her, og frå UiT her.

Foto: NRS

Reklame

Dagens disputas – meteorittkrater Ritland

AbdusI dag, 27. mai, disputerar Abdus samad Azad for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er «Sedimentation in the Ritland Impact Structure, western Norway». Ritlandstrukturen er det nyleg oppdaga meteorittkrateret i Hjelmeland – ca 500 millionar år gamalt og danna av ein meteoritt med 115 m diameter. Krateret er ca 2.4 km i diameter, og det tredje som er funne i Norge når ein også reknar med Mjølnir-krateret i Barentshavet. Strukturen vart stadfesta som nedslagskrater i 2008.

Komité for disputasen er professor Philippe Claeys, Vrije Universiteit Brussel, Dr. Lars Harald Blikra, Åknes nasjonalt senter for fjellskredovervaking og professor Annik M.Myhre frå instituttet. Rettleiarar er professor Henning Dypvik, seniorgeolog Fridtjof Riis, Oljedirektoratet og dr. Elin Kalleson. Les meir om arbeidet til Abdus her.

Prøveforelesninga var «Coarse-grained sedimentation in different geological settings and its palaeoenvironmental significance» – om alle former for masseflytting av grovt materiale.

Flaumen går

Golsfossen– i Norig er vår, bjørka sprett i dalom. Så heiter det i Døla-Visa av Ivar Mortenson-Egnund. Flaumen er eit vårtegn, om noko meir voldsomt enn bjørkelauvet, men like fullt ein del av den norske kvardagen. Og når kraftig vårregn møter snøsmeltinga vaknar elvane verkeleg til liv. No meldes det om 50-års flaum mange stader – kva er det? Det er ikkje ein flaum som kjem att kvart femtiende år, og det er ikke ein flaum som det går 50 år mellom kvar gong vi opplever den i Norge. Det er ein flaumstørrelse som det er 1/50, altså 2%, sjanse for at vert overskriden kvart år på ein gjeven stad, for eksempel i elva der du bur. Og opplever du ein femtiårs flaum i år, er det like stor sjanse (2%) for at det samme skjer neste år. Dersom tilhøva ikke endrar seg, og du kan fylgje flaumane i lang tid, vil det i løpet av 1000 år være om lag 20 flaumar som er 50-års flaum eller større. I gjennomsnitt vil det altså vere 50 år mellom kvar gong 50-års flaumen vert overskriden – av det namnet. No er det i Norge mange elvar og vassdrag, av ulik størrelse og med ulike klimaregimer, og dermed er det i heile landet, og også innan landsdelane, mange flaumar som når 50-års nivået eller meir i løpet av 50 år. Størrelsen på flaum med 50 år eller andre gjentaksintervall vert fastsett ved analyser av lange måleseriar av vassføringa i elvane og innsjøane våre. Meir om flaum, og flaumvarsel, finn du på heimesidene til NVE.

Biletet: Hemsil ved Gol i mai 2004, fotograf NRS.

Dagens disputas – hydrologiske modellar

MartinI dag, 21. mai, disputerar Martin Morawietz for graden Ph.D. ved Institutt for geofag. Avhandlingen er «Statistical uncertainty processing for probabilistic streamflow forecasting – Parametric and non-parametric approaches based on an autoregressive error model» – eit sentralt tema innan hydrologisk modellering, og ikkje minst flomvarsling, som jo er eit heitt tema om dagen. Prøveforelesinga «Do different hydrological processes have different model error signatures? Comparing ice-melt-fed, snowmelt-fed and rainfall-fed floods» er ein utfordring – det er ei viktig problemstilling, men det er gjort overraskande lite forsking innan det feltet, så her får kandidaten noko å bryne seg på. Komité for disputasen er Dr. Vazken Andréassian, Hydrosystems and Bioprocesses Research Unit (HBAN), National Research Institute of Science and Technology for Environment and Agriculture (Irstea), Frankrike, Associate Professor Micha Werner, UNESCO-IHE Institute for Water Education/Deltares, Delft, Nederland og professor Bernd Etzelmüller frå instituttet. Rettleiarar er professor Chong-Yu Xu, professor emeritus Lars Gottschalk og professor Lena M. Tallaksen. Les meir om arbeidet til Martin her.

Quacq… what? Geofag på UiO gjer det bra på QS-rangeringa

QS rankingTrass i det spesielle namnet er Quacquarelli Symonds-rangeringa (QS) den mest interessante av dei store universitetsrangeringane på institituttnivå. Dette fordi dei går ned på fagdisiplin-nivå. Dei baserar rangeringa i hovudsak på spørjeundersøkelsar i akademia (40%), hjå arbeidsgjevarar (internasjonalt – 10%) og siteringar pr vitskapleg tilsett (20%). I tillegg kjem intervju med eigne studentar, del internasjonale studentar, og del internasjonale tilsette. 2013-rangeringa er no publisert, og mellom anna plukka opp av Aftenposten: «Norske universiteter best i historie, geografi og medievitenskap».

Det er rett at Universitetet i Oslo gjer det best i samfunnsvitskap og humaniora, og er inne mellom dei 50 beste miljøa i verda innan kommunikasjon og mediastudier, historie, geografi, pedagogikk og statsvitskap. Når det gjeld naturvitskapane er biletet meir variabelt. Geofag – «Earth & Marine Sciences» – gjer det bra. Vi ligg mellom plass 50 og 100 (QS-rangeringa har berre nummerert liste på dei 50 på topp) – best av dei norske miljøa, og saman med København og Uppsala av dei skandinaviske universiteta. Det er ingen skandinaviske universitet mellom dei 50 beste.

UiO gjer det godt på akademisk omdøme og siteringar. Det som dreg ned er omdømet hjå arbeidsgjevarane, noko geofag deler med dei andre naturfaga i Oslo. Den same tendensen ser vi for Bergen – er vi for lite synlege hjå det internasjonale næringslivet? «Earth and Marine Science»-rangeringa til QS finn du her.

Åtte spennande år

NRSI dag tek Brit Lisa Skjelkvåle Monsen over som leiar av Institutt for geofag. Eg kan lene meg litt bakover og sjå attende på åtte spennande år sidan eg starta det fyrste åremålet mitt den 1. mars 2005. Eg har fått vore med på ein periode med stor vekst og utvikling av geofaga, både nasjonalt og på instituttet. Nokre tal visar dette:

  • Fyrstevalssøkarar til bachelorprogrammet i geofag: 2005: 47, 2013: 167 – og 155 søkarar til Fysikk, astronomi og meteorologi
  • Doktordisputasar: 2005: 8, 2012: 25 (rettnok eit særleg aktivt år)
  • Publikasjonar i internasjonale tidsskrift: 2005: 100, 2012 213

At talet på faste vitskaplege tilsette heller har gått ned enn å auke i denne tida set desse tala i sitt rette perspektiv, og peikar også på ein klar ubalanse i finansieringa av universitet.

Eg har fått vere med på gjennomføringa av to Senter for framifrå forsking (PGP og ICG), oppstart av eit nytt (CEED), etablering av av eit Senter for miljøvenleg energi (FME-SUCSESS) og eit Nordisk senter for framifrå forsking (SVALI). Vi hadde stor aktivitet i det internasjonale polaråret, og leia to store IPY-prosjekt. Vi har fått to ERC Advanced Grants, og har vore gjennom ei fagevaluering med flygande faner. Eg er takksam for å fått vore med på dette og meir til, og er svært stolt av å ha kunna samarbeide med slike flotte medarbeidarar. Takk til alle, og takk for meg!

Nils Roar
P.S. Denne bloggen held fram, men nok med eit meir personleg preg. Mykje geofag vert det i alle fall. Takk til dei 7919 som har titta innom så langt!