Endre Før Gjermundsen, doktorgradsstipendiat på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Institutt for geofag, har doktorgradsarbeidet sitt på nunatakkar på Svalbard og kva dei kan avsløre om glasiasjonshistoria og klimavariasjonar. Feltarbeidet hans er så spektakulær både når det gjeld lokalitetar og utføring at «Ut i naturen» på NRK sette av ein stor bolk til han i jubileumsprogrammet sitt 18. desember. Innslaget finn du her – start 11 minutt ute i klippet.
Endre disputerar 8. mars ved instituttet, tittel på avhandlinga er «Reconstruction of the Weichselian Ice Sheet in NW and Central Spitsbergen».