Munch, havnivå og landheving

SkrikVerknad av klimaendringar har fått ein uventa plass i den kulturpolitiske debatten (krangelen) om plasseringen av det nye Munch-museet. To innlegg i Aftenposten, fyrst Axel Mykleby (Blue Shield Norge) 7. november og no Jeremy B. Hutchings og Erling Skaug (begge UiO) 14. november meiner Lambda er særleg utsett for flaum frå Akerselva og stormflo i fjorden på grunn av havnivåstigning. Flaum i Akerselva påverkar ikkje vassnivået i Bjørvika, så den suta kan vi la ligge.

Når det gjeld havnivåstigning kom Kartverket i vår med ein ny forskningsrapport – “Estimates of Future Sea-Level Changes for Norway”. Halfdan Pascal Kierulf (deltidsstilling ved Institutt for geofag) er ein av forfatterane. Denne gjev ein prognose for endringar som skuldast temperaturauke og bresmelting på 44 cm over 100 år for Oslo, og samtidig ei landheving og geoide-endring som tilsvarar -54 cm. altså ei netto senking av havnivået på 10 cm. For Stavanger og Bergen er det derimot ein netto auke i havnivået, på 28 og 23 cm. No er det sjølvsagt stor usikkerheit i desse prognosene, og rapporten gjev også ein ekstrem-prognose på 83 cm, basert på 6 grader oppvarming og oppskalerte tilskot frå Grønlandsisen og Antarktis. Likevel ser det nok ut til at Munch ikkje treng uroe seg meir for flaum enn andre naturkatastrofar anten samlinga hamnar ved fjorden eller på Tøyen.

“Skrik” kan ellers vere inspirert av dei raude solnedgangane som oska i atmosfæren frå Krakatoa-utbrotet i 1883 ga – så det er ein samanheng mellom geofag og kunst.

0 Responses to “Munch, havnivå og landheving”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s





%d bloggarar likar dette: