Ny QS-rangering, gode tal for geofag ved UiO

QS rankingQS (Quacquarelli Symonds Ltd) er nett ute med 2012/13-rangeringa av toppuniversitet. Dei baserar rangeringa i hovudsak på spørjeundersøkelsar i akademia (40%), hjå arbeidsgjevarar (internasjonalt – 10%) og siteringar pr vitskapleg tilsett (20%). I tillegg kjem intervju med eigne studentar, del internasjonale studentar, og del internasjonale tilsette. Universitetet i Oslo er best i Norge, men har gått attende frå plass 100 til 111 på verdsbasis medan UiB som det nest beste universitetet i Norge er på plass 145. Eit trekk ved utviklinga er at universiteta i den tredje verda er på snøgg frammarsj – det er mange indiske og kinesiske universitet å finne høgt oppe.

QS rangerer også på fagdisiplin, og for oss er det sjølvsagt naturleg å sjå på “Earth and Marine Sciences”. Her kjem UiO i klassen 51-100, og Bergen i klassen 101-150. Det er dei einaste norske universiteta mellom dei 200 beste, som er så langt som fagdisiplin-lista går. Andre skandinaviske universitet inne mellom dei 100 beste er Stockholm, Lund, og København. Uppsala har falle på lista sidan 2011. UiO gjer det godt på akademisk omdøme og siteringar. Det som dreg ned er omdømet hjå arbeidsgjevarane, noko geofag deler med dei andre naturfaga i Oslo. Den same tendensen ser vi for Bergen – er vi for lite synlege hjå det internasjonale næringslivet? “Earth and Marine Science”-rangeringa til QS finn du her.

Andre fagområde ved UiO mellom dei 100 beste finn vi fyrst og fremst mellom samfunnsvitskapane og humaniora. Det gjeld juss, økonomi, kommunikasjon og media, utdanningsvitskap, geografi, filosofi, moderne språk og lingvistikk – alle i klassen 50-100. Det som skil desse fagområda fra naturvitskapane er at skåren for arbeidsgjevaromdøme er gjenomgåande mykje høgare.

0 Responses to “Ny QS-rangering, gode tal for geofag ved UiO”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s





%d bloggarar likar dette: