NRK P2 sitt program «Radiofront» hadde invitert med seg Henrik Svensen (PGP) til Gaustatoppen søndag 29. august, for å få innsikt i kvifor ein finn bølgeslagmerker 1800 meter over havet. Innslaget finn du som podkast, frå 11 til 19 minutt ute i innslaget.
Den som ikkje har tenkt seg på Norges tak kan sjå bølgeslagmerker frå Gaustatoppen i inngangen til Geologibygningen på Blindern. Der er det innstøypt to plater mellom dørane – rettnok verna av gummimatter. Utsikta er ikkje heilt den same som i orginallokaliteten …
Bilder: Geoforskning.no og Nils Roar Sælthun
0 Svar to “På Gaustatoppen med Henrik Svensen”