Arkiv for juli 2012

På Gaustatoppen med Henrik Svensen

Henrik SvensenNRK P2 sitt program «Radiofront» hadde invitert med seg Henrik Svensen (PGP) til Gaustatoppen søndag 29. august, for å få innsikt i kvifor ein finn bølgeslagmerker 1800 meter over havet. Innslaget finn du som podkast, frå 11 til 19 minutt ute i innslaget.

Den som ikkje har tenkt seg på Norges tak kan sjå bølgeslagmerker frå Gaustatoppen i inngangen til Geologibygningen på Blindern. Der er det innstøypt to plater mellom dørane – rettnok verna av gummimatter. Utsikta er ikkje heilt den same som i orginallokaliteten …
Bølgeslagmerker
Bilder: Geoforskning.no og Nils Roar Sælthun

Advertisements

Sommar på Grønland

NASA Earth ObservatoryGrønland, vår store granne i vest, har ikkje eit særleg gjestfritt klima – det har nordmenn lange røynsler med. Det ligg likevel lengre sør enn kva Europa-sentrerte kart gjev inntrykk av, frå 59° 45′ på Kapp Farvel (som Oslo) til 83° 36′ i nord. Vêret på Grønland har ein tendens til å vere i motfase med Skandinavia, så no når vi har hatt ein dårleg sommar er det ikke overraskande at Grønland har hatt ein uvanleg varm sommar. Midt i juli var det varmegrader til topps på Summit, 3216 moh på 72° N, og snøsmelting over heile brekappa – ein svært uvanleg situasjon. Den våte snøen vart registrert av jordovervakningssatelittane, og NASA publiserte endringa av arealet med våt snø frå 8. til 12. juli som «Image of the Day» 25. juli. Dette vart mellom anna fanga opp av Dagbladet, og det er interessant å samanlike den nøkterne pressemeldinga frå NASA med det noko meir sensasjonsprega oppslaget i Dagbladet, som gjev inntrykk av ein dramatisk nedsmelting av Grønlandsisen:
NASA
Dagbladet

Det sagt, så skal vi ikkje klage over at media interesserar seg for geofag og klima!

Bilete frå NASA Earth Observatory

Opptaket er klart

Samordna opptak har no lagt ut tala for hovudopptaket. Vi hadde svært god søking i år, og sjølv om vi har auka opptaket til Geofag-programmet (GGG) kraftig (over 100 har fått tilbod, så har karakterkrava stege. Poenggrensa for ordinært opptak er i år 48.3, mot 43.8 i fjor, for fyrstegongsvitnemål 44.2. Til Fysikk, astronomi og meteorologi-programmet (FAM) ligg poenggrensa omtrent som i fjor, rundt 40.

Detaljane finn du på heimesidene til Samordna opptak. Kommentar til opptaket ved UiO her

Då ser vi fram til å møte mange flinke nye studentar over sommaren!

To ERC Starting Grant-vinnarar!

ERCERC Grants har vorte ei svært viktig kjelde til finansiering av fri forskning, og er tilsvarande prestisjetunge. Dei kjem i tre versjonar – «Starting Grants» (to til sju år etter ph.d), «Consolidator Grant» (sju til 12 år etter ph.d.) , «Advanced Grants» (internasjonale toppforskarar) og  «Synergy Grants» (ny mekanisme for små forskargrupper). Instituttet var vertsinstitusjon for fire søknader til «Starting Grant» innan naturvitskap og teknologi  i siste runde, og resultata ligg no føre. Fem søkarar frå Norge vann fram, fire av desse var frp vårt fakultet, og to var «våre» – Adriano Mazzini og Douwe van Hinsbergen, begge frå SFFen Physics of Geological Processes. Dette syner både kor dyktige PGP har vore til å rekruttere og utvikle unge internasjonale forskarar, og at UiO/Fakultet for matematikk og naturvitskap har etablert eit svært godt støtteapparat for søkarane. Adriano og Douwe får rundt 12 mill NOK kvar over fem år til prosjekta sine – vi gratulerer på det varmaste. Søkarane er ikke bundne til vertsinstitusjonen for gjennomføring av prosjekta, og Douwe har alt teke mot fyrsteamanuensisstilling ved Universitetet i Utrecht, som er hans Alma Mater.

Prosjekta er:

Douwe van Hinsbergen:
Subduction Initiation reconstructed from Neotethyan Kinematics: An  integrated geological and numerical study of the driving forces behind plate tectonics. Acronym: SINK

Adriano Mazzini:
Lusi: a unique natural laboratory for multidisciplinary studies of  focussed fluid flow in sedimentary basins. Acronym: LUSI LAB

Meir informasjon på Forskningsrådet sine heimesider, her.