Tekna med samarbeidspartnerar (Telenor, Nordea, Abelia, NCE Systems Engineering Kongsberg, NHO, Microsoft, Civita, NIFU og Norsk Studentorganisasjon) har lansert nettsida studiekvalitet.no. Studentar og søkarar skal her kunne sjekke kvalitetsindikatorar på dei ulike studieprogramma og studiestadane. Eit godt tiltak – når vi vert evaluert på forskningskvalitet, og stadig vert ranka på internasjonale indeksar er det berre naturleg at vi blir evaluert utanfrå på studiekvalitet også. Det vil vere nyttig for søkarar og eit insitament til å forbetre seg studiestadane.
Nå skal det seiast at portalen verkar noko uferdig enno. Mellom anna går det ikkje klart fram at det berre er masterprogramma som er lista opp for universiteta. Den som vil ta master i geofag hjå oss skal søke opptak på eit av bachelorprogramma «Geofag: Geologi, geofysikk og geografi» eller «Fysikk, astronomi og meteorologi». Det er karakterkrava for desse som er relevante for opptak. Vidare er bakgrunnsdata frå kandidatundersøkingane ikkje detaljert ned til studieprogramnivå – det ser ein til dømes av at nesten alle studieprogram innan realfag på UiO har 91.4% av kandidatane i relevant arbeid etter eit halvt år, med ei månadsløn på 31 263 kr.
Det sagt, så ser vi at realfagsprogramma på UiO ligg svært høgt i nasjonal samanheng på alle kvalitetsindikatorar, så for den som vil ha ein spennande studieplass og vere sikra relevant arbeid etterpå er dette sikre valg!
0 Svar to “Studiekvalitet.no”