Arkiv for mars 2012

THE universitetsranking 2011/2012

Times Higher Education si årlege universitetsranking er no publisert. Universitetet i Oslo er med denne gongen, etter å falle ut i fjor på grunn av feilrapportering. Vi tek plass 181 – ei heiderleg Birken-plassering, men eit godt stykke frå toppen. Best i Noreg, men med åtte nordiske universitet føre oss – Karolinska Institutet, Lund, Uppsala, Helsinki, Aarhus, Stockholm, København og DTU. Karolinska er i ei særklasse, men det er nå også eit spesialisert medisinsk universitet. Dei andre er innan rekkevidde når det gjeld poeng. Lund har 57.9, København 49 og UiO 43.6. Dei tre kategoriane som tel tungt er undervisning, forskning og siteringar (på forskningspublikasjonar). København slær oss til dømes på undervisning og siteringar, medan UiO er betre på forskning. Sjølv om vi er ein veslebror mellom hovudstadsuniversiteta i Skandinavia kan vi trøyste oss med at det går framover – etter rapporteringsfadesen i fjor har THE etterrekna UiO sitt resultat, og kjem til at det ville ha helde til plass 186.

Heile rankinga finn du her.

Advertisements

Vilhelm Frimann Koren Bjerknes

Vilhelm BjerknesVi har feira 150-års dagen til Vilhelm Bjerknes – fysikkprofessoren som gjorde meteorologi til vitskap, og bygde opp ei operativ vêrteneste for Vestlandet. Historia om Bjerknes er i høve jubileet fortalt mellom anna i Aftenposten og Bergens Tidende, og Wikipedia har solid omtale av han, det samme har Store Norske, så det er knapt naudsynt gå i detaljar her. Av enkelte oppslag i høve jubiletet kan ein få inntrykk av at han er gløymt. Det er langt frå slik. Google gjev 540 000 tilslag på namnet hans, og han er nok den norske geovitaren som er best kjent internasjonalt.

Det er mange fascinerande sider ved Bjerknes. Ei er sjølvsagt at han brukte sin sterke teoretiske kunnskap i fysikk til å revolusjonere meteorologien – det visar verdien ved å gå på tvers av og bryte ned faglege grenser. Så må han ha vore ein strålande formidlar – eit foredrag i Washington DC i 1904 gav han støtte til to assistentar frå Carnegie Institution i over 30 år, og kronikkar i Aftenposten om nye prinsipp for vêrvarsling og eit kort møte med statsmininster Gunnar Knudsen skaffa løyvingar til å bygge opp eit meteorologisk observasjonsnett. Ikkje mindre imponerande er evna hans til å velge ut flinke assistentar og løfte dei fram. Resultatet var at dei, og så elevane deira vidareutvikla meteorologi til det kunnskapsnivået vi har i dag. Bergensskulen vart eit internasjonalt omgrep innan geovitskapane, og det går ei direkte linje frå Bjerknes til dei fremste forskarane innan fagfeltet no. Slik er det også i dag viktige lærdomar å hente frå Vilhelm Frimann Koren Bjerknes – om verdet av tverrfagleg virke, om nytten av forskningsformidling, og om å ta vare på etterveksten.

Biletet: Overbibliotekar Live Rasmussen kronar Vilhelm Bjerknes ved opninga av det nye Realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes hus.