Alfred L. Wegener (1880-1930) var ein av dei verkeleg store forskarane innan geofag – meteorolog, geofysikar og polarforskar. Han hadde viktige arbeid i meteorologi, mellom hadde tre vitskaplege ekspedisjonar til Grønland, og døydde under overvintringsekspedisjonen på Eismitte i 1930. I 1912 lanserte han teorien om at kontinenta var restar av eit urkontinent, ut frå samfallet mellom kystkonturane og geologiske og paleontologiske overeinsstemmelsar. Den 6. januar dette året presenterte han synspunkta sine i Geologischen Vereinigung i Frankfurt am Main, til stor berstyrtelse. Det er kanske ikkje overraskande at ein 31 år gamal meteorolog var møtt med mistru når han ville omvelte geologien. Han lot seg ikkje stoppe av det, og april samme år publiserte han teorien i artikkelen «Die Entstehung der Kontinente» i det respekterte tidsskriftet Petermanns Geografische Mitteilungen og seinare på året i Geologische Rundsehau. I 1915 kom hovudverket «Die Entstehung der Kontinente und Ozeane», utgjeve i fire utgåver fram til 1929. Kontinentalteorien fekk stor motbør frå etablerte geologar, mellom anna fordi drivmekanismane var langt på veg ukjende. Fyrst på 60-talet fekk teorien fullt gjennombrot som platetektonikk, støtta av nye funn mellom anna innan paleomagnetisme, og forståing av mekanismar som mantelkonveksjon og sjøbotnspreiing. Det seier noko om dimensjonane til Alfred Wegener at samtidig som har arbeidde med kontinentaldriftteorien ga han i 1911 ut «Thermodynamik der Atmosphare», som er eit av hovudverka innan meteorologi.
geoforskning.no heidrar 8. februar Alfred Wegener med eit seminar i Helga Engs hus på Blindern. Seminaret er ope for alle og gratis. For program sjå her.
0 Svar to “Alfred Wegener og kontinentaldriftteorien”