Arkiv for februar 2012

Over skyene med THORPEX

BAMSEin sentral publikasjon frå International Polar Year-prosjektet THORPEX-IPY: «Improved forecasting of adverse weather in the Arctic region – present and future» er forsideoppslaget på det velrennomerte tidskriftet Bulletin of the American Meteorological Society (BAMS) 2011/11. Artikkelen er «The Norwegian IPY–THORPEX: Polar Lows and Arctic Fronts during the 2008 Andøya Campaign»
J. E. Kristjánsson, I. Barstad, T. Aspelien, I. Føre, Ø. Godøy, Ø. Hov, E. Irvine, T. Iversen, E. Kolstad, T. E. Nordeng, H. McInnes, R. Randriamampianina, J. Reuder, Ø. Saetra, M. Shapiro, T. Spengler, H. Ólafsson. Godt levert!

Reklame

Jörn Thiede heidra

Jörn ThiedeProfessor Jörn Thiede har fått Den norsk-tyske Willy-Brandt-stiftelsens sin pris, Willy Brandt-prisen, for 2011, saman med journalisten Therese Bjørneboe. Prisen vert kvart år delt ut til ein tyskar og ein nordmann som har gjort ein særleg innsats for å utvikle dei norske-tyske forbindelsane. Les meir om prisen her.

Jörn Thiede født i 1941, er paleontolog av utdanning, og var direktør ved Alfred Wegener Institut für Polar- und Meereskunde i Bremerhaven frå 1997 til 2007. Han har dei siste åra særleg arbeidd med å få etablert ESFRI-prosjektet Aurora Borealis, ein stor fellesfinansiert forskningsisbrytar. Han var universitetslektor/førstelektor ved UiB frå 1973-1975, professor i historisk geologi ved UiO 1977 til 1982, og har hatt tett kontakt med det geologiske miljøet i Norge sidan, mellom anna har han vore professor II ved UNIS.

Jörn kjem til UiO 8. februar i høve Alfred Wegener-seminaret.

Helge reddar klimaet med krystallar

Helge på labbenDagens Næringsliv har i DNtalent-delen av nettavisa si plukka opp spennande resultat frå CO2-lagringsforskninga til instituttet. Helge Hellevang frontar saka, som gjeld krystallvokster av CO2 i geologiske lagringsmiljø. Dette er resultat av eksperimentelt arbeid i SUCCESS – forskningssenter for miljøvenleg energi. Les meir her.

Utgangspunktet for oppslaget i DN er artikkelen på heimesida vår, med den litt meir nøkterne tittelen CO2 danner krystaller

Alfred Wegener og kontinentaldriftteorien

KontinetaldriftAlfred L. Wegener (1880-1930) var ein av dei verkeleg store forskarane innan geofag – meteorolog, geofysikar og polarforskar. Han hadde viktige arbeid i meteorologi, mellom hadde tre vitskaplege ekspedisjonar til Grønland, og døydde under overvintringsekspedisjonen på Eismitte i 1930. I 1912 lanserte han teorien om at kontinenta var restar av eit urkontinent, ut frå samfallet mellom kystkonturane og geologiske og paleontologiske overeinsstemmelsar. Den 6. januar dette året presenterte han synspunkta sine i Geologischen Vereinigung i Frankfurt am Main, til stor berstyrtelse. Det er kanske ikkje overraskande at ein 31 år gamal meteorolog var møtt med mistru når han ville omvelte geologien. Han lot seg ikkje stoppe av det, og april samme år publiserte han teorien i artikkelen «Die Entstehung der Kontinente» i det respekterte tidsskriftet Petermanns Geografische Mitteilungen og seinare på året i Geologische Rundsehau. I 1915 kom hovudverket «Die Entstehung der Kontinente und Ozeane», utgjeve i fire utgåver fram til 1929. Kontinentalteorien fekk stor motbør frå etablerte geologar, mellom anna fordi drivmekanismane var langt på veg ukjende. Fyrst på 60-talet fekk teorien fullt gjennombrot som platetektonikk, støtta av nye funn mellom anna innan paleomagnetisme, og forståing av mekanismar som mantelkonveksjon og sjøbotnspreiing. Det seier noko om dimensjonane til Alfred Wegener at samtidig som har arbeidde med kontinentaldriftteorien ga han i 1911 ut «Thermodynamik der Atmosphare», som er eit av hovudverka innan meteorologi.

geoforskning.no heidrar 8. februar Alfred Wegener med eit seminar i Helga Engs hus på Blindern. Seminaret er ope for alle og gratis. For program sjå her.

Kryosfærekriminalitet

BøyabreenBBC melder at ein mann er arrestert i Chile for å ha stole fem tonn is frå Jorge Montt-breen i Patagonia. Isen var tenkt nytta til whisky-on-the-rocks i Santiago. Verdet på lasta er oppgjeve til 3 mill pesos, ca 30000 kr. I fylgje dette skulle Jostedalsbreen, som har eit volum på 73 km3, ha ein marknadsverdi på 400 000 000 000 000 kr …
Foto: Bøyabreen (NRS)