Arkiv for september 2011

God ranking for geofag

QS rankingUniversitetsrangeringar er omtrent som Se og hør – alle er imot dei, og alle les dei. QS (Quacquarelli Symonds Ltd) er nett ute med 2011/12-rangeringa si. Dei baserar rangeringa i hovudsak på spørjeundersøkelsar i akademia (40%), hjå næringslivet (10%) og siteringar pr vitskapleg tilsett (20%). I tillegg kjem intervju med eigne studentar, del internasjonale studentar, og del internasjonale tilsette. Universitetet i Oslo er best i Norge, men har gått attende frå plass 100 til 108, medan UiB har gått fram frå plass 133 til 121, så her ligg det an til mykje venleg rivalisering.

QS rangerer også på fagdisiplin, og for oss er det sjølvsagt naturleg å sjå på «Earth Sciences». Her kjem UiO i klassen 51-100. Andre skandinaviske universitet inne mellom dei 100 beste er Stockholm, Lund, København og Uppsala. På siteringar kjem vi best ut av dei skandinaviske universiteta, men med godt potensial for å gjere det betre. «Earth Science»-rangeringa til QS finn du her.

Reklame