NOAAs sitt National Hurricane Center er den offisielle sida for stormvarsel, men ettersom den tropiske syklonen no trugar New York har New York Times svært god dekning, med track varsel, evakueringskart og reportasjar. Det vert ellers sagt mykje rart på norske media om Irene, som at 55 millionar skal evakueras, at det er ei skypumpe, og at den rører seg med ein far av 160 km/t, medan det heller er 20 km/t. Og så kan ein fundere over korleis ruta vert vidare når og dersom Irene dreg ut i Nord- Atlanteren.
Arkiv for august 2011
Irene på veg nordover
Published 2011/08/27 Fagnytt Leave a CommentStikkord:geohazards, meteorologi, storm, tropisk syklon
Northern Research Basins
Published 2011/08/22 Fagnytt 2 CommentsStikkord:arrangement, formidling, geofag, geografi, geologi, hydrologi, NRB, vannkraft
Northern Research Basins er eit circumpolart nettverk som vart etablert under den Internasjonale Hydrologiske Dekade, attende i 1975. Deltakarar er hydrologimilhø i Canada, Danmark (Grønland), Finland, Norge, Sverige, Island, USA og Russland, med Storbritannia, Tyskland, Sveits og Japan som assossierte medlemer. Fokus på i arbeidsgruppne er naturleg nok arktisk og alpin hydrologi og glasiologi. Nettverket har arbeidsgruppemøter og symposium annankvart år. Årets møte, det 18., var arrangert av Norge, og i beste NRB-tradisjon arrangert som eit «road show» på Vestlandet, frå Bergen via Loen og Fjærland til Voss. Slike opplegg er naturleg nok også av interesse for lokale media, som dette oppslaget om bresmelting og vasskraft frå NRK Sogn og Fjordane.
Meir om NRB her.