Norsk elektrisitetsforsyning er basert på fornybar energi, og ryggrada er dei store vasskraftreguleringane. Reguleringskapasiteten i dette systemet har også gjeve Norge ei rolle i det europeiske energisystemet som lastutjamnar mot andre energibærarar. I nyttårstalen 2001 sa statsminister Jens Stoltenberg:
Men fordelene ved disse utbyggingene er ikke store nok til at de forsvarer de ugjenkallelige inngrepene i naturen. Uberørt natur får en stadig større verdi. Vi nå er kommet dit at tiden for nye store vannkraftutbygginger i Norge er over.
Energiforsyning og klimaendringar heng tett saman. Er det i dag, ti år etter Stoltenbergs nyttårstale, på tide å ta opp att diskusjonen om nye vasskraftreguleringar? I samband med jubileumsfeiringa til UiO arrangerar Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Institutt for geofag debattmøtet «Store vasskraftreguleringar – gårsdagens eller framtidas fornybare energi?» i Litteraturhuset Fredag 20. mai kl 16. Alle er velkomne. Meir informasjon finn du her.
0 Svar to “Store vasskraftreguleringar – kroken på døra eller redninga for fornybar energi?”