Det er ikkje berre tornadoar som herjar i USA om dagen. Kraftig snøsmelting og mykje nedbør har gjeve storflaum i Mississippi i Minnesota og Illinois, og samtidig er Ohio (elva) svært høg på grunn av store nedbørmengder. Ved samløpet av elvane ligg det ein liten by, Cairo, heilt sør i Illinois. Vatnhøgda her er no på det største nokon gong, 20 fot over flaumvasstand, og er i ferd med å gå over flaumverka. Litt lenger sør, over grensa til Missouri, er det mogeleg å opne dikene (ved sprenging) og dermed senke vasslinja nordover til Cairo. Det bur 2300 mennesker i Cairo, å sprenge flaumverka vil overfløyme 530 km2 jordbruksland. Det er det store arealet som nett gjev den gode effekten på flaumen. Staten Missouri har prøv å stoppe opninga av dikene rettsleg – dette er no sett til side av høgare domstol og US Corps of Engineers førbur sprenging. Det gjer ikke saka betre at talsmannen i delstatforsamlinga i Missouri offentleg har sagt at det er betre å overfløyme Cairo enn jordbrukslandet i hans eigen stat, med klare hint om at Cairo ikkje er stort å spare på. Innbuarane er stort sett afroamerikanske, og ein stor del lever på fattigdomsgrensa. Så i tillegg til å vere eit teknisk/økonomisk problem har flaumen no fått ein politisk dimensjon med jurdiske sider og beskuldningar om rasisme. Delstat mot delstat og bønder mot by – eit godt eksempel på kor kompleks vassforvaltning kan vere.
Google-kart over området finn du her.
Siste utvikling: Innbyggarane i Cairo er evakuert. Delstaten Missouri anka i går vedtaket om å opne flomverka, men anken vart avvist av Høgsterett (US Supreme Court). US Corps of Engineers gjer seg no klar til å sprenge flomverket over ei strekning på 3 km.
Flomverket vart sprengt seint på kvelden 2. mai med 275 tonn flytande sprengstoff. Dette opnar i praksis eit sideløp til Mississippi (Birds Point – New Madrid Floodway) med kapasitet på 15000 m3/s. National Weather Service reknar med at flaumen i Mississippi nå er mellom ein 100 og 500-årsflaum. Birds Point -New Madrid Floodway vart etablert i 1932, og har berre vore opna ei gong før, under storflaumen i 1937. Det var minst like store konflikter rundt opninga den gongen som no.