Gode søkartal på Geofag

Antall primærskereSamordna opptak friga søkartala til høgare utdanning i dag. På landsbasis aukar talet på søkarar i snitt med 5.3% frå 2010 til 2011, og søkinga til realfag med 8.6%. På fakultetet aukar talet på primærsøkarar med 14%. På «våre» program er stoda at for Geofag: Geologi, geofysikk og geografi held den gode utviklinga fram, med 98 primærsøkarar, opp 18% frå i fjor, og meir enn ei fordobling frå 2005 (41 søkarar). Fysikk, astronomi og meteorologi, har ein liten nedgang frå i fjor, men har ser ut til å ha stabilisert seg på rundt 140 søkarar etter ein svak periode for nokre år sidan. Skal ein peike på ei negativ utvikling må det vere at lektorprogrammet i realfag har ein nedgang på 22%. Vi treng dyktige lærarar i realfag!

På dei andre lærestadane ser vi gjennomgåande ein auke for geologi-programma, og stor sett status quo for dei andre geofaga. Det er særleg hyggeleg å kunne gratulere Høgskulen i Sogn og Fjordane med ein auke frå 17 til 26 på det unge programmet i geologi og geofare!

Kjelde: Samordna opptak

Reklame

2 Svar to “Gode søkartal på Geofag”


  1. 1 Kari Beate Remmen 2011/04/28 ved 04:08

    Det er fristende og spekulere i at det nye programfag for geofag bidrar positivt til søkertallene.
    Dette er uansett motiverende nytt for alle geofaglærere i videregående skole som står på for å rekruttere elever og legitimere geofag som eget skolefag.
    Vi vet at geofag i skolen tiltrekker seg elever som ellers ikke ville valgt realfaglig retning, fordi elevene opplever geofaglige tema som mer relevant og interessant enn de tradisjonelle realfagene i skolen.

  2. 2 nilsroar 2011/04/28 ved 11:48

    Vi trur sikkert at geofag i skulen har hatt ein positiv effekt på rekrutteringa. Ikkeje minst er inntrykket vårt at det er mange engasjerte lærararar i faget, og dei gjer ein strålande innsats for å motivere elevane. Vi skal ta ei opptelling under introduksjonsdagane til geofag-programmet til hausten for å få vite meir om kor mange som har hatt geofag på vidaregåande


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s





%d bloggarar likar dette: