I ein artikkel i siste Nature dokumenterar ei kanadisk/norsk/nederlandsk/amerikansk forskargruppe stor auke i avsmelting og massetap frå breane i kanadisk arktis dei siste åra. Artikkelen er «Sharply increased mass loss from glaciers and ice caps in the Canadian Arctic Archipelago», Alex S. Gardner, Geir Moholdt, Bert Wouters, Gabriel J. Wolken, David O. Burgess, Martin J. Sharp, J. Graham Cogley, Carsten Braun & Claude Labine. Vår mann i gruppa er Geir Moholdt, som disputerte i januar, og som no er postdoktor ved Scripps Institute of Ocanography.
Området som er studert er breane i kanadisk arktis, det vil seie øyene mot Nordvestpassasjen. Det samla brearealet er sammen 148 000 kvadratkilometer, nesten halvparten av Norges totalareal, og perioden som er studert er 2004 til 2009. Forskarane har nytta tre ulike og uavhengige måleteknikkar for å estimere endingane i brevolum. Geir Moholdt har nytta lasermålingar frå satelitten ICESat – dette er del av doktorgradsarbeidet hans. Nederlenderane har nytta gravitasjonsmålingar fra GRACE-satellitten, som registrerar endringar i tyngefeltet, medan den nordamerikanske gruppa har nytta tradisjonelle bremålingar og modellering basert på klimadata. Denne metoden kan nyttast frå 60-talet og fram til i dag. Over dei seks åra har breane mista 2.5 m i snitt, og tapet har vore klart størst dei tre siste åra. Seks år er alt for lite til å gje ein sikker langtidstrend, men arbeidet viser for det fyrste at desse breområdene reagerar snøgt på klimasignal og at denne regionen no den viktigaste kjelda til havnivåauke utanom Grønland. I tillegg viser dette forskningsarbeidet at dei tre uavhengige målemetodane gjev sammenliknbare resultat.
Pressemelding om arbeidet finn du her.
0 Svar to “Sterk avsmelting frå arktiske brear”