Det internasjonale polaråret (IPY) vert i desse dagar avslutta med ein nasjonal sluttkonferanse i Tromsø. «Året» tok til i 2007, med to år med konsentrert internasjonal feltinnsats og så analyser og publisering. Institutt for geofag har hatt leiinga av to prosjekt, og har delteke i mange andre. «Våre» prosjekt er IPY-Thorpex, leia av Jón Egill Kristjánsson og GLACIODYN, leia av Jon Ove Hagen. Det fyrste er om polare lågtrykk og polarstormar, og har fått stort oppslag i Aftenposten i dag 12. april, under titttelen «De gjorde værvarslet sikrere». Her finn du intervju med Øystein Hov og Jón Egill. GLACIODYN handlar om verknaden av klimaendringar på breane i Arktis. Prosjektet har no fått ein avløysar i det nordiske toppforskningssenteret SVALI, også leia av Jon Ove. For begge prosjekta, og for IPY generelt, gjeld det at dei store datamengdene som har vorte innsamla vil vere til stor nytte for internasjonal prolarforskning i mange år framover.
Det lengste året
Published 2011/04/12 Fagnytt , Instituttsaker Leave a CommentStikkord:geofag, glasiologi, IPY, meteorologi
0 Svar to “Det lengste året”