Den stille veka på Institutt for geofag er ikkje påskeveka, men EGU-veka. Denne veka møtes tusener av forskarar frå heile verda, og særleg frå Europa, til den årvisse generalforsamlinga i European Geoscience Union i Wien. Her legg dei fram forskninga si, møter gamle og nye kollegaer og diskuterar dei store spørsmåla og utfordringane innan geofaga. Ikkje minst er dette ein god møtestad for unge forskarar, som kan presentere prosjekta sine medan dei er undervegs, i postersesjonar. For alt eg veit kan det vel verte tid til ein kvitvin på byen óg.
Norske media har lite om denne viktige vitskaplege samlinga, men BBC Science har eigen vitskapsjournalist i Wien som rapporterar dagleg. Saker BBC har teke opp så langt denne veka er den snøgge smeltinga av breane i Sør-Amerika, planane til det internationale Integrated Ocean Drilling Program (IODP) om å bore for å ta opp 1.5 km kjerneprøver frå Chicxulub-krateret i Mexico, og det tunne ozon-laget i nordområda i år på grunn av den kalde vinteren. Chicxulub-nedslaget for 65 millionar år er enormt – krateret er 180 km i diameter, og mange meiner at det var det som tok knekken på dinosaurane. BBC-oppslaget om ozon har intervju med Geir Braathen frå WMO, tidlegare forskningssjef på NILU.
Nyhendestraumen (med video) frå EGU finn du her.
Oppdatering:
BBC referar i dag frå diskusjonen rundt klimamanipulasjon (der vi er med i eit EU-prosjekt) under tittelen: «Climate «technical fix» may yield warming, not cooling», og refererer til Kari Alterskjær som er stipendiat hjå oss:
But Kari Alterskjaer from the University of Oslo in Norway came to the European Geosciences Union (EGU) meeting in Vienna with a cautionary tale.
Her study, using observations of clouds and a computer model of the global climate, confirmed earlier findings that if cloud whitening were to be done, the best areas would be just to the west of North and South America, and to the west of Africa. But it concluded that about 70 times more salt would have to be carried aloft than proponents have calculated.
And using droplets of the wrong size, she found, could reduce cloud cover rather than enhancing it – leading to a net warming, not the desired cooling.
«If the particles are too small, they will not brighten the clouds – instead they will influence particles that are already there, and there will be competition between them,» she told BBC News.
«Obviously the particle size is of crucial importance, not only for whether you get a positive or negative effect, but also whether particles can actually reach the clouds – if they’re too large, they just fall to the sea.»
http://www.bbc.co.uk/news/science-environment-12983795