Den 24. mars lanserte Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet og dei ni institutta som høyrer til fakultetet nye heimesider i tråd med den nye webprofilen til UiO. Det er ikkje berre utsjånaden som er endra, men både struktur og innhald er heil omarbeidd. Det er berre den som har fått fylgje dette arbeide på nært hald som fullt ut forstår kor mykje arbeid dette krev – stor takk til dei som har bore dette fram. På fakultetetsnivå er det Ingrid Stensland som har vore generalen, hjå oss er det Thor Thorsen som har vore ansvarleg med Bjørg Rognerud som våpendragar. Dette har teke svært mykje av tida deira dei siste månadane. Alt er ikkje like ferdig – der det manglar informasjon er det dei lokale innhaldsleverandørane som må ta sin del av ansvaret. Det er no viktig at vi fyller inn med stoff, og passar på å oppdatere informasjonen slik at heimesidene våre blir eit levande kommunikasjonsmiddel internt, men fyrst og fremst ut til omverda! Det var ei stor glede på torsdag under høyringsmøtet for geofagevalueringen å kunne fortelje at vi hadde nye heimesider på lufta.
Den offisielle webadressa til instituttet er nå http://www.mn.uio.no/geo/, men den gamle adressa http://www.geo.uio.no/ som nok ligg i fingrane hjå mange er aktiv.
Til lukke med nye heimesider, og nok ei gong takk til Thor og Bjørg!
0 Svar to “Nye heimesider”