Arkiv for mars 2011

Radioaktivitet og geografi

Dei norske skiskyttarane har fått kalde føter (det har dei sikkert ofte) når det gjeld å delta i skiskyttarshowet i Russland som avsluttar sesongen. Grunnen skal vere at det er er på Kamtsjatkahavøya, nærare bestemt i Petropavlovsk-Kamtsjatskij, og dei fryktar radioaktivitetet fra Fukushima-kraftverket. NRK melder at stadion berre ligg 300 km frå Japan.

Det er kanskje på tide at NRK og skiskyttarane oppdaterer karta sine. Mellom Japan og Kamtsjatka ligg øybogen Kurilane, og den nordlegaste øya ligg ca 300 km frå Petropavlovsk. Etter den andre verdskrigen annekterte Russland heile øyrekka, og grensa går nå heilt nede ved Hokkaido, 1400 km unna. Derfrå er det 800 km vidare til Fukushima, til saman 2200 km. Det er altså som om nokon skulle la være å stille opp i Holmenkollen dersom det var problem med eit kjernekraftverk i Spania.

Og eg som trudde at skiskyttarar var tøffe jenter og gutar!

Reklame

Nye heimesider

www.geo.uio.noDen 24. mars lanserte Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet og dei ni institutta som høyrer til fakultetet nye heimesider i tråd med den nye webprofilen til UiO. Det er ikkje berre utsjånaden som er endra, men både struktur og innhald er heil omarbeidd. Det er berre den som har fått fylgje dette arbeide på nært hald som fullt ut forstår kor mykje arbeid dette krev – stor takk til dei som har bore dette fram. På fakultetetsnivå er det Ingrid Stensland som har vore generalen, hjå oss er det Thor Thorsen som har vore ansvarleg med Bjørg Rognerud som våpendragar. Dette har teke svært mykje av tida deira dei siste månadane. Alt er ikkje like ferdig – der det manglar informasjon er det dei lokale innhaldsleverandørane som må ta sin del av ansvaret. Det er no viktig at vi fyller inn med stoff, og passar på å oppdatere informasjonen slik at heimesidene våre blir eit levande kommunikasjonsmiddel internt, men fyrst og fremst ut til omverda! Det var ei stor glede på torsdag under høyringsmøtet for geofagevalueringen å kunne fortelje at vi hadde nye heimesider på lufta.

Den offisielle webadressa til instituttet er nå http://www.mn.uio.no/geo/, men den gamle adressa http://www.geo.uio.no/ som nok ligg i fingrane hjå mange er aktiv.

Til lukke med nye heimesider, og nok ei gong takk til Thor og Bjørg!

Verdas vanndag – Vann i byer

vannpost22. mars: Det er «World Water Day» i dag, og årets tema er vatn i byar. Hovudarrangementet i Oslo er i CIENS i Forskningsparken, med eit heildagsarrangement ved Norsk hydrologiråd, Norsk vannforening, Tekna, Norsk bistandsforum og UNESCO-kommisjonen. Det er vel kanskje ikkje god tone å sitere seg sjølv, men eg er vorten utfordra av masterbloggen.no til å skrive eit innlegg om vatn, og eg har filosofert over millenniumsmåla for vassforsyning og sanitærtenester. Innlegget finn du her.

Biletet, som eg tok i Delhi i 2009, syner ein vannpost som nok tilfredstiller FNs krav til «improved water source» og dermed stettar minimumskrava i millenniummålet for vassforsyning. Ville du vore nøgd med ei slik vassforsyning?

1000-års bylgje?

TsunamiDet er sjølvsagt for tidleg å analysere den katastrofale tsunamien i Japan – det fysiske omfanget er knapt kartlagt enno. Dr. Roger Musson, som er leiar for «Seismic Hazards and Archives» ved British Geological Survey, har likevel tankar om at dette kan vere ei 1000-års hending. Bakgrunnen er at den førre tsunamien i Japan av samme storleik ser ut til å ha vore den i 869 e.kr., og at ein kjenner til et par tidlegare hendingar i samme klasse over dei siste 3000 åra. Slike hendingar set både historiske og geologiske spor, og det er grunnlaget for at ein kan ha ei meining om frekvensen. At det er ei tusenårshending betyr (diverre for Japan) ikkje at det er 1000 år til neste gong, men at det er 1/1000 sannsynlegheit for at hendelsen skal skje i eit bestemt år. Nå må ein nok tru at det går eit stund til neste gong i Japan, sidan det nok tek tid før det bygger seg opp store nok spenningar i jordskorpa til at det kan utløyse eit nytt styrke 9-jordskjelv.

Ein skal også merke seg at dersom analysen til Musson er rett, så betyr det at dette var ei tusenårshending i Japan, ikke globalt.

Meir hjå BBC, som også har rettane til biletet.

Open dag – studentar in spe

MjølnirDer er ekstra liv på campus i dag, vi har vitjing av elevar frå vidaregåande skular over heile Austlandet. Instituttet deltek med foredrag i vårt nyopppussa bibliotek og stand i idrettsbygningen. Foredraga er:
Elin Kallesson: Meteorittkratere
Camilla Weum Stjern: Forurensning påvirker nedbørsmengden. Kan vi kontrollere regnet?
Brigt Ove Vaage:Geofag: Studier som gir spennende jobber

og ein gjesteforelesning frå IFE:
Tor Bjørnstad: Oljedetektivene – de syngende molekyler

Standen i idrettsbygningen er om CO2-lagring (Helge Hellevang) og metorittkrater (Elin Kallesson).

Vi ynskjer våre framtidige studentar velkomen!

Geologi og ski-VM

Hans Arne NakremI eit intervju med professor Hans Arne Nakrem publisert på heimesidene til Naturhistorisk museum og på forskning.no dreg Hans Arne opp dei lange linjene frå perm, 250 millionar år attende i tid til ski-VM 2010 i Nordmarka. Den geologiske historia forklarar kvifor Nordmarka er eit ski-eldorado. Les meir her …