Var på konsert med Nordstrand ungdomssymfoniorkester her om dagen – kjempekonsert saman med Juniorsymfonikerne. Eit av nummera på det uortodokse programmet var «In the Stone» av Earth, Wind and Fire. Det slo meg at skulle geofaga ha eit favorittband måtte det vere Earth, Wind and Fire, og In the Stone som oppsang. Eller har du eit betre forslag?
Arkiv for februar 2011
Stipendiatpublikasjon på topp
Published 2011/02/07 CIENS , Fagnytt , Instituttsaker , UiO Leave a CommentStikkord:aerosoler, forskerutdanning, geofag, meteorologi, nedbør, publisering
Den mest leste artikkelen i Journal of Geophysical Research – Atmospheres siste veka er Camilla W. Stjern, Andreas Stohl og Jón Egill Kristjánsson: «Have aerosols affected trends in visibility and precipitation in Europe?», publisert 29. januar. Camilla Weum Stjern er doktorgradsstipendiat hjå oss, Andreas Stohl er seniorforskar på NILU og Jón Egill Kristjánsson er professor på instituttet. Det er flott å sjå ein doktorgradskandidat som fyrsteforfattar få så godt tilslag på ein artikkel i eit av dei mest prestisjetunge tidsskrifta innan fagfeltet. Gratulasjonar til alle tre forfatterane!
I natt, 3. februar kl 3:30 er det nymåne. I Vestlands-tradisjonen går vi frå Torre månad og inn i ho Jø, den barskaste av årets månadar. I Kina og Vietnam markerar nymånen det nye året, Kina går frå Tiger til Harens år og Vietnam frå Tiger til Katt – det er eit av dei få åra som har ulike dyresymbol i dei to landa. Sidan vi er inne i metall-elementet, så er 2011 metallharens år, ei blanding av mjukt og hardt. Den store festen kan ta til – vårfesten i Kina og Tet i Vietnam. Vi ynskjer våre kollegar godt nytt år, og kan unne oss ei månefeiring sjølv – månen påverkar oss, om kanskje mindre enn bestemor mi trudde.
Ny naturkatastrofe undervegs i Queensland
Published 2011/02/02 Fagnytt Leave a CommentStikkord:geofag, geohazards, meteorologi, storm
Queensland har berre så vidt kome seg over storflaumen før neste katastrofe trugar. Den tropiske syklonen Yasi er nå i ferd med å nå land ved Cairns. Yasi er i høgste styrkeklasse, 5, og har vindstyrke på over 300 km/t. Dette er den sterkaste stormen som nokon gong er registrert i Australia, og overgår i vindstyrke for eksempel Katrina som raserte New Orleans i 2005. Tropiske syklonar har dobbel øydeleggande effekt – fyrst ved vinden, og så ved flaumar og skred som fylgjer den sterke nedbøren, 1 m (1000 mm) nedbørhøgde er ikkje uvanleg. Stormen når land nå i ettermiddag 2. februar (natt i Australia).
Meir om varsel og oversikter finn du på heimesidene til Australian Bureau of Meteorology.
Satellittdekning og andre bilete frå BBC.
Biletet er frå Wikimedia Commons
Storebror på fakultetet, Institutt for informatikk, fyller år i dag. Nå er slik sett 34 år i utgangspunktet ikkje så mykje å feire, for informatikarar var vel 32 (20 i det hexadesimale talsystemet) større, for ikkje å snakke om 42, som er svaret på alle store spørsmål i fylgje «A hitchhiker’s guide to the galaxy». Grunnen til at vi likevel stoppar opp ved jubileet, er at det ikkje er alle 34-åringar som får eit bygg på 28250 m2 på fødselsdagsgåve! Vi ynskjer våre kollegaer i andre enden av campus til lukke med dagen og med Ole-Johan Dahls hus!