Arkiv for januar 2011

Auditorium I er opppussa

Auditorium 1Som dei fleste vil ha registrert har Auditorium I vore stengt i haust for oppussing og ombygging. Den direkte årsaka var kravet om «universell tilrettelegging» – det vil her seie tilgjenge for personar med rørslehemming. Heile auditoriet er nå snudd med inngang rett til grunnplanet. Utover det er alt nytt. Eit topp moderne auditorium med 80 plassar sto dermed klart til semesterstart 17. januar. Åpninga var likevel Geir Moholdts disputas 6. januar.

Reklame

Mjølnir – då Tors hammar slo til i Barentshavet

ForsideFor vel 140 millionar år sidan slo ein meteoritt med diameter på ca 2 km ned i det som nå er Barentshavet, 250 km nord for Nordkapp. 150 km3 masse vart flytta på og vatnet i området fordampa, samtidig som ein enorm tsunami vart skapt. Krateret vart oppdaga i 1993 av Steinar Thor Gudlaugsson, då ved Institutt for geologi ved UiO. Forskinga på krateret så langt er no oppsummert i ei bok utgjeve på Springer, «The Mjølnir Impact Event and its Consequences», redigert av Henning Dypvik (UiO), Filippos Tsikalas (Eni/UiO) og Morten Smelror (NGU). Boka har ti kapittel, og medforfattarar frå UiO er Roy H. Gabrielsen, Trond Torsvik, Jan Inge Faleide, Stephanie Werner og Hans P. Langtangen. Boka finst også som e-bok på Universitetsbiblioteket. Den er på 318 sider med 50 illustrasjonar. Les meir her.

Flott å få dette stoffet mellom to permar!

Best på isbrear

Jon Ove HagenProfessor Jon Ove Hagen vann som kjent eitt av dei tre nordiske toppforskningssentra innan kryosfære og klima, NCoE SVALI – Stability and Variations of Arctic Land Ice, med konsortiet sitt. I jubileumsmagasinet til Nordforsk vert han presentert saman med sentret. Les her.

Magasinet inneheld ellers mykje leseverdig, heile magasinet finn du her.

Trond Torsvik om diamantar

Professor Trond Helge Torsvik publiserte sammen med partnerane sine i CAS (Centre for Advanced Study i Videnskapsakademiet) i sommar ein artikkel i Nature, «Diamonds sampled by plumes from the core–mantle boundary» om mekanismane som fører diamantar opp mot overflata. Diamantar er fascinerande, og temaet er plukka opp av media i mange samanhengar, f.eks i Apollon 3-4/2010, og no seinast i NRK P2 Verdt å vite 12 januar. Innslaget er lenka opp nedanfor.

Hør Trond på «Verdt å vite».

Ny bok i petroleumsgeofag

Petroleum GeoscienceEi ny lærebok i petroleumsgeofag med professor emeritus Knut Bjørlykke som redaktø er komen ut på Springer Verlag. Frå instituttet finn vi fylgande medforfatterar utanom Knut: Jens Jahren, Jenø Nagy, Kaare Høeg, Nazmul Haque Mondol, Roy H. Gabrielsen og Jan Inge Faleide. Bokutgjevinga er støtta over Statoilavtalen. Boka finst også som e-bok på Universitetsbiblioteket. Den er på 508 sider med 210 illustrasjonar. Les meir her.

Vi gratulerer og takkar for eit flott tilskot til faglitteraturen!

ERC Advanced Grant til Trond Helge Torsvik

Trond Hele TorsvikDet høver godt å innleie det nye året med gratulasjonar til professor Trond Helge Torsvik for å ha fått European Research Councils Advanced Investigator Grant til prosjektet «Beyond Plate Tectonics». Tildelinga er på 2.5 millionar Euro over fem år. Dette er eit tildeling som heng svært høgt, over dei tre åra det har vore tildelt slike prosjekt har 14 norske forskarar, frå alle fagområde, nådd opp. Les meir her.

Trond er professor i geodynamikk ved Institutt for geofag, knytt til SFFen Physics of Geological Processes.