Three Gorges dammen i Yangtze har flaumdemping som eitt av hovudføremåla (dei andre er skipsfart og vasskraft). Dammen er ein massiv betongdam, 185 m høg, 2300 m lang og 115 m brei ved fundamentet. Den demmer opp elva 660 km oppover ved fullt magasin, gjennom dei kjente kløftene oppover til Chongquing. Dammen sto ferdig i 2006, etter 12 års byggetid, men det står att ein del arbeid på infrastrukturen enno (fleire aggregat, båtheis for mindre båtar mm).
Det er noko motstridande opplysningar om kor stor vassføringa var under storflaumane i juli, men det ser ut til at tappinga frå dammen kom opp i 40000 m3/s, medan innstrøyminga til magasinet toppa på 56000 m3/s, så flaumdemping var solid. Til samanlikning nådde storflommen i Glomma i 1995 opp i 4000 m3/s.
Den største historiske flommen i Yangtze ved Ichang, like nedanfor Three Gorges er på 105000 m3/s, i 1870. Dammen er dimensjonert for å handtere ein flaum på 130000 m3/s, med eit tapping på litt over 100000 m3/s. Det er stadig duskusjonar om dette er høgt nok.
Eit problem som synte seg ved denne flaumen er mengda av søppel som samlar seg ved sluser og luker – det er rapportert at 3000 tonn søppel vart teke opp kvar dag under flaumen. Det skapar sjølvsagt store pronlem for drifta.