Arkiv for mai 2010

Disputas og seminar om tørke

Anne Kristina Fleig forsvarar avhandlinga si A study of regional hydrological droughts and related mesoscale hydroclimatological processes in north-western Europe for ph.d.-graden torsdag 27. mai. Prøveforelesinga, Similarities and differences between droughts in humid and dry regions: causes, characteristics and impacts er kl 10:15, og forsvaret kl 13:15, begge i Auditorium I i Geologibygget.

Dagen etter vert det seminar om tørke med opponentane Cintia Uvo, Lunds universitet, og Justin Sheffield, Princeton, frå 10:15 til 12:00, også i Auditorium I. Alle er velkomne!

Reklame

Storflom i Polen

Det er storflom i Polen, både i Vistula og Oder med sideelvar, med gjennombrot i flomverka mange stader – som Sandomierz, Wroclaw og rundt Krakow og Warsawa. Det er ikkje så mykje organisert informasjon å finne, og det ser ut som om lokal varsling har fungert dårleg. Heimesidene til Institute of Meteorology and Water Management» har oversikt av vannstand på utvalgde hydrologiske målestader. Flomstørrelsen ser ut til å vere over hundreårsflommen mange sentrale stader. Det ser ut til at flomkuliminasjonen i dei øvre og midtre delene av vassdraga, ned til Torun i Vistula og Brzeg i Oder, har kuliminert, men vannstanden er aukande i dei nedre delene. Det er meldt mindre regn framover. Den forrige storflommen i Polen var i juli 1997. Den ser ut til å ha vore større i Oder, men mindre enn den noverande i Vistula.

John Burkhart om amerikansk og norsk forskningsfinansiering

Forskar John Burkhart på NILU, som vi har samarbeid med mellom anna om eit doktorgradsopplegg med fjernmåling av snø frå UAV (drone) i Ny-Ålesund, er intervjua på Forskningsrådet sine heimesider. Utgangspunktet er verdien av Leiv Eriksson-programmet, som førde John til Norge, men det er også interessant å lese synspunkta hans på amerikansk og norsk forskningsfinansiering:
– Hva er den største forskjellen mellom å jobbe som forsker i USA og i Norge?

– Den største forskjellen er nok knyttet til finansiering og av forskningen og betydning av grunnforskning. Grunnforskning står sterkt i USA og finansieres gjerne gjennom næringsliv og private donasjoner. I Norge er finansieringen i stor grad offentlig og ofte politisk styrt eller den er knyttet til marked og etterspørsel.

Vår, geofagstudentane spring ut

AinsaVårveret har vore så som så, men eit sikkert vårteikn er det at studentar og lærarar dreg ut på ekskursjonar. Førre veka var kurset «Landformdannende prosesser» på rundtturar på Austlandet, og vekene før dette var masterkurset «Tektonikk» på Vestlandet. Denne veka er masterkurset «Bassenganalyse og sekvensstratigrafi» i Statoils forskningsfelt i Ainsa-området i Pyreneane. Dette kurset går på hausten, men er så populært at ekskursjonene må takast i to puljer. Vi får vone at oskeskyene held seg vest i havet, og at ekskursjonsdeltakarane slepp å feire 17. mai på buss opp gjennom Europa! Bilde: Phil’Ours

Ny doktor

Svein OlavDen 6. mai forsvarte Svein Olav Krøgli avhandlinga si, «Automatic extraction of potential impact structures from geospatial data – examples from Finnmark, Northern Norway» for ph.d.-graden. Prøveforelesinga var «Combining terrain analysis with remote sensing in the geosciences: methods and applications». Vi gratulerer Svein Olav og rettleiarane, Henning Dypvik og Bernd Etzelmüller! I høve disputasen er det intervju med Svein Olav i forskning.no – sjå her. Svein Olav tek nå til i ny jobb på Bioforsk.

CO2-lagring i Skagerrak

Instituttet, med Per Aagaard som nøkkelperson, er sentral deltakar i eit sammenkobla Climit og InterReg-prosjekt for å kartlegge tilhøva for å lagre CO2 i geologiske formasjonar i Skagerrak. Prosjektet er leia av Tel-Tek i Porsgrunn. Teknisk Ukeblad har oppslag om dette. Meir informasjon finn du på heimesidene til prosjektet.

Bjørn Jamtveit får Nansenbelønninga

Bjørn JamtveitProfessor Bjørn Jamtveit,  Institutt for geofag,  leiar for PGP, er tildelt Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning innan realfag og medisin for 2010. Prisen er tildelt Bjørn for dei orginale bidraga hans til forståelse av geologiske prosessar, og han er den fyrste geologen som får prisen sidan professor Ivan Th. Rosenqvist vart tildelt Nansenbelønninga i 1972. Prisen – medalje, diplom og 150 000 kr – vart utdelt ved årsmøtet i Vitenskapsakademiet måndag 3. mai. Vi gratulerer!

Gjesteforelesning om terrenganalyse og naturfare

Dr. Richard Pike, USGS, gjev torsdag 6. mai kl 14:15 ei gjesteforelesning over temaet «Debris Flows in Guatemala from Hurricane Mitch Localized by Wind-driven Rainfall?». Stad: Aud III, Geologibygget. Samandrag.