Arkiv for april 2010



Sjølvevalueringa klar

Sjølvevalueringa i samband med Geofagevalueringa 2010 er no ferdig og sendt til Forskningsrådet. Tekstane ligg på intranettområdet vårt («For ansatte»/»Geofagevalueringen – arbeidsmappe»). Stor takk til alle for innsatsen! Evaluringskomiteen er ikkje heilt på plass enno, men skal etter planen starte opp med møter og intervju mot slutten av august.

Advertisements

Ny doktor

Jan HendrikDen 16. april forsvarte Jan Hendrik van Koeverden avhandlinga si, «Alternative Petroleum Systems in the Greater Barents Sea Region» for ph.d.-graden. Prøveforelesinga var «Terrestrial source rocks». Jan Henrdrik tek no til i ny jobb i Statoil. Vi gratulerer han og rettleiarane, Dag Karlsen og Morten Bergan, RWE Dea Norge AS!

Gjesteforelesing om Eyjafjallajökull-utbrotetimages

EyjafjallajökliProfessor Sigurður R Gíslason frå systerinstituttet vårt på Háskóli Íslands, Jarðvísindastofnun Háskólans, held torsdag 22. april kl 15:15 ei gjesteforelesnng om det brennvarme temaet
The volcanic eruption in the Eyjafjallajökull volcano
Sigurður har med seg ferske foto og videoar frå utbrotet. Vi reknar med at denne forelesinga har brei interesse, og har lagt den til auditoriet Forum i CIENS-bygget (Forskningsparken) (kart). Forelesaren kjem rett frå Reykjavik, og som ein vil forstå er det ei viss usikkerheit knytta til om han når fram.

CryoSat-2 in orbit

CryoSatESAs is-satellitt CroSat-2 vart skoten opp 8. april, fem år etter den mislukka oppskytinga av CryoSat-1. Denne gongen gjekk alt bra og satellitten sender fyrsteklasses data til bakkestasjonen i Kiruna. Satelitten har eit svært nøyaktig altimeter (SAR-basert) som kan måle høgde ned på centimeternivå – frå 700 km oppe(!). Vårt kalibreringsteam, Jon Ove Hagen og kompani, er på plass på Austfonna på Svalbard i desse dagar – oskeskya stoppa stoppa dei ikke under oppreisa nå med helga. Dette er ein jobb for ekstreme snø-elskarar!

Vulkanoske og verdien av kunnskap

Det er ikkje enkelt å vurdere verdien av kunnskap og forsking. Vulkanutbrotet i Eyjafjallajökull har likevel gjeve oss eit godt døme på fylgjene av å ikkje ha nok kunnskap. Flytrafikken i Europa har stoppa opp – ikkje fordi det er naudsynt, men fordi vi ikkje har nok kunnskap. Vi har rettnok rimeleg bra atmosfæremodellar til å gje prognoser for utbreiingsområdet til oskeskya, men modellane kan ikkje gje detaljert informasjon, og det manglar overvakingssystem som kan gje informasjon om konsentrasjon, størrelse og samansetjing av oskepartiklane. Ein veit heller ikkje nok om kva som er terskelverdiar for skader av ulikt omfang på fly. Sivil luftfart arbeider naturleg nok under strenge tryggleikskrav. Når kunnskap om slike ytre påverkander som oskepartiklane manglar, må ein kompensere for dette med svært store tryggleiksmarginar. Verdien av auka kunnskap ligg i at ein kan redusere desse marginane utan at det går ut over tryggleiken.

Med meir kunnskap om denne naturhendinga (som måtte kome, og vil kome omatt) ville truleg flytrafikken i Europa berre hatt mindre avvik desse dagane.

Oskeskya er her

SørkedalenSå er oska frå vulkanen under Eyjafjallajökull her. Ein fin demonstrasjon av kor fort luftstraumane i den øvre delen av troposfæren over Nordatlanteren går. Samstundes er det ei påminning om dei veldige kreftene i djupet under Island, krefter som driv kontinent frå kvarandre og som er i stand til setje Europa på ende på ein augneblink. Eit lite utbrot som dette lagar kaos i lufttransporten over store deler av Europa – ein kan då undras over kva verknad eit utbrot som Lakagigar-utbrotet i 1783-84 ville ha i dag. Ut over dei katastrofale verknaden det hadde på Island (over 20% av folket døydde i hungersnaud), ga klimaverknadene uår i Europa. Frå desse uåra kan ein lesa ei eit årsakskjede som fører til den franske revolusjonen, Napoleon, Napoleonskrigane, Grunnlova og unionen med Sverige …

Ny utvikling i vulkanutbrotet i Eyjafjallajökull

Eyjafjallajökli20. mars starta eit vulkanutbrot på Eyjafjallajökull på Sør-Island. Systerinstituttet vårt på Háskóli Íslands i Reykjavik, Jarðvísindastofnun Háskólans – Institute of Earth Sciences – har meir informasjon. Utbrotet er spektakulært, men i seg sjølv ikke dramatisk. Den dramatiske bakteppet er likevel at dei tre tidlegare utbrota i denne vulkanen i historisk tid (920, 1612, 1821) har vorte fylgd av utbrot i Katla. Katla er ein av dei farlegaste vulkanane på Island. I dag 14. april ser det ut til at utbrotet går inn i ein ny fase:

Eyjafjallajökull eruption: A new phase started on 14 April 2010
A new phase of the Eyjafjallajökull eruption started around midnight on the 14th of April, where melt penetrated its way to the central crater beneath the glacier. Bad weather makes visual observations difficult, but surveillance flights with radar and temperature sensors will shed light on the new conditions later today.

Klimapark2469 med istunnel i Jotunheimen lanseres

Klimapark2469 med istunnel som er planlagt i Jotunheimen, lanseres  i dag tirsdag 13. april klokken 12:00 i CIENS/Forum Forskningsparken med miljø- og utviklingsminister Erik Solheim tilstede.

Hva ligger bak Klimapark2469? Tallet, 2469, viser til høyden på Galdhøpiggen. Rett nedenfor Norges høyeste fjell og i nærheten av Juvasshytta vil Klimaparken ligge med lett adkomst fra bilvei. Her i høyfjellsområdet har det dukket opp godt bevarte kulturminner etter som isbreene og snøfonner har smeltet de siste årene. Funnene her har gitt ny kunnskap om klimaendringer, kultur og høyfjellsnatur i et langtidsperspektiv. I Klimapark2469 skal den nysgjerrige kunne møte den aktive kultur- og klimaforskning på en ny arena.

Første etappe begynner i mai med gravingen av Nord-Europas eneste istunnel i Juvfonna som skal stå klar til turistsesongen i sommer. Tunnelen blir 30 meter lang, 2,5 meter høy og 1,5 meter bred.

Blant de mange samarbeidspartnerne er Meterologisk institutt og Universitetet i Oslo ved  Kulturhistorisk museum og Institutt for geofag med Prof. Bernd Etzelmuller.

Miljøvernministeren kommer til lanseringen. Kommer du?

Invitasjon til lansering av Klimaparken2469 og istunnelen 13. april.

Mer om Klimaparken2469

Endeleg SUCCESS

SUCCESS – et forskningssenter for miljøvennlig energi med fokus på langsiktig sikker lagring av CO2

Torsdag 8. april opna SUCCESS – SUbsurface CO2 Storage – Critical Elements and Superior Strategy, senter for miljøvennlig energi (FME) utnemnt av Norgegs forskningsråd for eit år sidan. Lagring av CO2 i grunnen kan verte eit viktig tiltak for å redusert utsleppa av CO2 til atmosfæren globalt. Opningen av senteret markerer at samarbeidet mellom mellom fleire universitet, forskningsinstitusjonar og næringslivsaktørar i Norge de neste 8 årea er formalisert og i gang. Dette er ein lekk i den «nasjonale dugnaden» for å redusere CO2-utsleppa .

Fleire av våre eksisterande prosjekt innan lagring av CO2 i grunnen vil være knytta opp til senteret, slik byggjer senteret vidare på forskninga og undervisninga vår i petroleumsgeologi gjennom 40 år. Vi ynsker professor Per Aagaard som leier satsningsområdet hjå oss lukke til med senteret.

Til heimesida for SUCCESS.

Høyring av «Klimakur 2020»

Klimakur 2020Regjeringa har sett ned etatgruppa Klimakur, samansett av representantar frå Norges vassdrags- og energidirektorat, Oljedirektoratet, Statens vegvesen, Statistisk sentralbyrå og Klima- og forurensningsdirektoratet. Etatsgruppa la 17. februar fram rapporten Klimakur 2010 – Tiltak og virkemidler for å nå norske klimamål mot 2020″. Instituttet er invitert som høyringsinstans – høyringfristen er 20. mai. Send innspel til instituttleiar direkte eller gjennom avdelinga.