Arkiv for april 2010

Allmøte

Allmøte i regi av Likestillingsutvalget ved Instituttet.

Tidspunkt onsdag 19. mai kl. 15:00 (Aud I).

Der vil vi presentere likestillingsutvalget, oppsummere resultatet av spørreundersøkelsen, og så har vi invitert Sigtona Halrynjo ved Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) til å snakke om:
«Når rettighetslogikken møter karrierelogikken. Kjønn, karriere og foreldrepermisjon i eliteprofesjoner».

Endelig program kommer senere, men hold av dagen allerede nå!

Likestillingsutvalget
Lena Tallaksen (leder), Karen Leever, Andy Kääb, Charlotte Rian and Terje Berntsen

Reklame

Tal frå samordna opptak

«99%-tala» frå Samordna opptak 2010 er no offentleggjort. Talet på søkarar med Geofag-bacheloren som fyrstevalg er 83, opp frå 70 i fjor. 35 kvinner – 42%. På Fysikk, astronomi og meteorologi er søkartalet 140, opp frå 112 i fjor. Det er ein nedtur at det berre er 33 kvinner – dette er eit program som har hatt god kvinneandel. Siri – kvar er du? For heile MatNat er det ein nedgang i søkartalet på 5%. Elektronikk og datateknologi har størst auke, så kjem dei to bachelorprogramma «våre», og så Matematikk, informatikk og teknologi. Alle tala finn du her.

Disputas

Fredag 7. mai forsvarar Svein Olav Krøgli avhandlinga si «Automatic extraction of potential impact structures from geospatial data – examples from Finnmark, Northern Norway» for graden philosophiae doctor. Prøveforelesning kl 10:15 over oppgjeve tema «Combining terrain analysis with remote sensing in the geosciences: methods and applications», og disputas kl 13:15, alt i Auditorium I, Geologibygget. Meir her.

Gjesteforelesning

Dr. Matthias Brennwald, from EAWAG, Switzerland, will Thursday April 29, give a guest lecture at the University of Oslo, on “Noble gases and other environmental tracers (3H, SF6, CFCs) in aquatic systems”

The lecture will be held in Auditorium I, Geology building, Blindern Campus, 1415-1500

Read more …

Aldri så gale …

Ei veke utan fly i lufta over Europa gjev eit uvanleg høve til å studere effektene av flytrafikk, utslepp frå fly og kondensstriper på atmosfæren. Nå kompliserar sjølvsagt utsleppa frå vulkanutbrotet frå Eyjafjallajökull biletet, men forskarane kastar seg over denne sjanse. Reuters Science siterer Gunnar Myhre i eit oppslag om dette.

Ny doktor

JulienDen 23. april forsvarte Julien Declercq avhandlinga si, «Dissolution rates and mechanisms; Experiments on alteration and reactivity of glasses and carbonates» for ph.d.-graden. Prøveforelesinga var «The long and short term Carbon Cycle – with emphasis on CO2 exchange between atmosphere and rocks». Vi gratulerer Julien og rettleiarane, Per Agaard, Eric Oelkers (CNRS/Université Paul Sabatier) og Jens Jahren!

Hans Økland er død

Professor emeritus Hans Økland døydde fredag 23. april på Tåsenhjemmet. Hans var født i 1918, og vart altså 91 år. Han var del av det sterke miljøet i atmosfæredynamikk på Institutt for geofysikk, og publiserte sin siste vitskapelege artikkel ,»Modification of frontal circulations by surface heat flux», i Tellus i 1998, 80 år gamal – men held foredrag på fagseminar på Geofysisk institutt i Bergen så seint som i 2006. Det er gravferd frå Nordberg kyrkje fredag 30. april kl 14:00.

Siggi om Eyjafjallajökull

SiggiProfessor Sigurður R Gíslason frå systerinstituttet vårt på Háskóli Íslands, Jarðvísindastofnun Háskólans, held eit fascinerande foredrag om Eyjafjallajökull-utbrotet for eit fullpakka Forum i CIENS torsdag 22. april, med unike bilete og eigne video-opptak. Intervju med Siggi på VG-nett finn du her.

Stipendiatstillingar

Den strategiske stipendiattildelinga frå fakultetet er no klar. Instituttet fekk ein til stasningsområdet «Petroleumssystemer og bassengutvikling», to til det strategiske satsningsområdet «Water as a regulator in biogeochemical cycles» og ein til kryosfæreforsking. Tidlegare er det gjeve to til SUCCESS – Forskningssenter for miljøvenleg energi. Stillingane er med i ei stor fellesutlysning frå fakultetet. Søknadsfristen er 15. mai, men det er mogeleg for studentar som tek mastergrad i vårsemesteret å søke.

Disputas

Fredag 23. april forsvarar Julien Declercq avhandlinga si «Dissolution rates and mechanisms; Experiments on alteration and reactivity of glasses and carbonates» for graden philosophiae doctor. Prøveforelesning kl 10:15 over oppgjeve tema «The long and short term Carbon Cycle – with emphasis on CO2 exchange between atmosphere and rocks», og disputas kl 13:15, alt i auditorium I, Geologibygget. Meir her.