Arkiv for februar 2010

Jordskjelvet i Chile

Det svært kraftige jordskjelvet i Chile 27. februar, styrke 8.8, er det femte største jordskjelvet sidan 1900. Det har ein energi som er mange hundre gonger så stor som Haiti-jordskjelvet i januar. At det er mindre katastrofalt enn Haiti-jordskjelvet skuldast både lokaliseringa og at Haiti-samfunnet er mykje meir sårbart enn Chile. Du finn meir på dei norske jordskjelvsidene, og ikkje minst hjå USGS. Tsunamivarselt finn du meir om på Pacific Tsunami Warning Centre.

I Dagsavisen 1. mars kommenterer Arild Andresen på jordskjelvet og tektonikken på Stillehavsranda.

Reklame

Glasiologene grev seg inn

Planlagt istunnel i Klimapark2469Planane er klare for å bygge ein istunnel i Juvfonna nedanfor Galdhøpiggen. Den 20-30 meter lange tunnelen vil verte ein del av Klimapark2469. Området viser både tidligare tiders kulturarv og effektar av klimaendringar, og er lett tilgjengeleg for publikum og forskarar fortel Bernd Etzelmüller ved Avdeling for naturgeografi. Institutt for geofag er partnar i Klimapark2469. Meir om istunnelen her.

MatNat 150 år

Den 25. februar 1860 vedtok Stortinget å opprette eit eige fakultet for naturvitskapane ved Det Kongelige Frederiks Universitet. Til då låg naturvitenskapane under Det historisk-filosofiske fakultet. Den rette 150-årsdagen til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er derfor i dag. Vi gratulerer! Feiringa vert rettnok neste år, saman med 200-års jubileet til Universitet i Oslo. Det kan nemnast at i 1861 hadde fakultetet 12 lærarar – ein tredel av den vitskapelege staben ved universitet.

Gode publiseringtal

Vi har no godkjent Frida-rapporten for vitskapleg publisering i 2009. Dette syner ein fin auke frå i fjor, vi har 187 DBH-godkjente vitskaplege publikasjonar, av desse to antologiar, resten artiklar. Av desse kjem ca 30 frå dei geofag-forskarane på PGP som ikkje har formell tilknyning til instituttet. I fjor var talet 154, altså ein auke på litt over 20%. For heile fakultetet var auken til samanlikning 7%. Lista vert toppa av Chongyu Xu med 24, Jan Inge faleide med 15 og Jens Jahren med 11. Dette er resultat som varierer frå år til år – det viktigaste er at vi no har eit godt nivå på publiseringa. Dette gjeld altså nivå 1 og 2-publikasjonar i DBH-systemet, og er langt frå heile sanninga. Tel vi all vitskapleg produksjon som er registrert i Frida og inkluderar konferansebidrag, populærvitskapelege artiklar, posterar o.l., er vi oppe i 482.

Fysikkevalueringa er klar

Evalueringa av norsk grunnforsking i fysikk er no klar og offentleggjort, du finn henne her.

Det er minst to gode grunnar til å ta ein titt på henne. For det fyrste er dette den evalueringa som kjem nærast geofagevalueringa, slik at den gjev eit god bilete av korleis sluttrapporten for geofagevalueringa vil være. Så har fysikkmiljøa ved UiO fått godt skussmål, og særskilt interessant for oss er det at fysikkdelen av PGP har fått topp evaluering. Vi gratulerer!

Takk til Tyge

Professor Tyge Greibrokk, Kjemisk institutt, hadde måndag et innlegg i Aftenposten som eg trur mange av oss nikka attkjennande til. Media har i det siste, med god av utspel og innspel av høg og låg innan systemet, teikna eit bilete av universitetet som arbeidsplass som i alle fall eg har store problem med å kjenne meg att i. Forrykkte professorar, mobbing, trakassering, vitskapelege stillingar som ikkje vert utlyst internasjonalt, stipendiatar og mastergradstudentar som som hovedregel brukar æver på å bli ferdige – det er då ikkje slik kvardagen vår er. Eg kjenner universitetet er ein allsidig og spennande arbeidsplass som stor takhøgde og fri debatt – og med lærarar og rettleiarar som har stor omsut for studentar og stipendiatar og som lukkast godt i å få dei gjennom på normert tid. Alt kan verte betre, men det biletet av arbeidsmiljøet vårt som no omverda nå får presentert er ein karikatur. Så takk til Tyge!

Bjørn Jamtveit om fagleg leiing

I Dagens Næringsliv har senterleiar Bjørn Jamtveit, PGP, eit innlegg om fagleg leiing og leiarskap ved UiO, under tittelen «Forskere trenger mer ledelse!»
Som leder for et Senter for Fremragende Forskning ved Universitetet i Oslo føler jeg behov for å balansere inntrykket av at alle professorer på universitetet er motstandere av nærmest alle former for ledelse. Nødvendigheten av faglig ledelse er i ferd med å bli akseptert både ved UiO og ved andre norske forskningsinstitusjoner.

Les artikkelen her. Den er trykt i papirutgåva av DN for tirsdag 9. februar.

Småforsk

Det vert småforsk-utlysing i år og, men vi har enno ikkje fått detaljar om tildelinga. Vi startar likevel opp med utlysing, og brukar malen frå i fjor: http://www.geo.uio.no/intra_ansatt/prosess/smaforsk2009.html. Søknadsfrist: 5. mars. Tildelingane vil verte tilpassa bevilginga når den er klar.

Geofagevalueringa – allmøte

I høve oppstart av Geofagevalueringa vert det allmøte måndag 15. februar kl 14:15 i Auditorium I i Geologibygget. Dette innleier sjølvevalueringa, som er den mest krevande delen av prosessen for instituttet. Mellom anna skal dei aller fleste vitskapleg tilsette (bortsett frå doktorgradstipendiatane) utarbeide tilpassa CVar. Sjølvevalueringa skal leverast 15. april.

Dommen mot NGI

I «Malmøykalv-saka» vart NGI frikjent for falsk forklaring, men dømt for medverknad til brot på forureiningslova. Det er verdt å merke seg at fagdomaren stemde for frikjenning av NGI på alle punkt, men vart nedstemt av lekdomarane. Forståeleg nok ankar NGI dommen. Det er også interessant at medan den opphaveleg tiltalen var på ulovleg deponering av 33000 m3 ureina masse, har retten kome fram til at det trulege talet er 1200 m3, i samsvar med Veritas sine berekningar. Les meir her. Rettsaka tok sju veker – ein nesten uverkeleg ressursbruk på ei sak der alle vesentlege fakta var kjent i forkant. Som mange vil vite har Gijs Breedvelt, professor II hjå oss, vore NGI sin mann i rettssalen.