Arkiv for januar 2010



Geofagevaluering 2010

Geofagmiljøa i Norge vart som dei fleste vil vite internasjonalt evaluert i 1997/1998. Mykje vatn har runne i havet sida den tid, og Forskningsrådet set no i gang ein ny evalueringsrunde. Det vert informasjonsmøte med institusjonane 2. februar. Sjølvevalueringsfasen går fram til midten av april, og institusjonsvitjingane frå den internasjonale komiteen kjem etter sommaren. Dette er ein svært viktig sak for instituttet som kjem til å stå i fokus mykje av året. I fyrste omgang er det viktig at alle oppdaterer Frida – både publikasjonar, formidling, seminar og konferansar, gjesteforskarvitjingar og -utreiser, og prisar.

Reklame

Tilsynssensormøte

Torsdag 14. januar arrangerer instituttet det årlege planleggingsmøteet med tilsynssensorane. Møtet startar kl 10, og på programmet står ein plenumssesjon, og så møter med faglærarane. Tilsynssensorane våre, som altså er kvalitetssikrarar meir enn sensorar, er Ivar Berthling, NTNU, Kåre Kullerud, UiT, Nils-Martin Hanken, UiT, Nils Gunnar Kvamstø, UiB, Rolf Mjelde, UiB, Gunhild Riise, UMB, Cecilie Rolstad, UMB og Per Terje Osmundsen NGU/UNIS.

Likestillingsutval ved instituttet

Vi har oppretta likestillingsutval ved instituttet. Medlemmer er Terje Berntsen, Andreas Kääb, Karen Leever, Charlotte Rian og Lena Tallaksen, med Lena som leiar. I fyrste omgang skal utvalet utarbeida handlingsplan for likestilling for instituttet, og også finne god bruk av likestillingsmedla instituttet har fått, kr 118 000. Utvalet sin rapport for 2009 finn du her.

The cryosphere kid

Does sending a geography student to Norway offer the answer to fostering Arctic scientists of the future? «Canadian Geographic» har vore med Robert Way, ein av dei kanadiske utvekslingsstudentane i CryoEx-programmet (leia av Bernd Etzelmüller), på strabasane hans i den norske fjellheimen. Les om opplevingane hans her.

Disputas

Komande torsdag, 14. januar, disputerer Marcus Beuchert, PGP, for graden philosphiae doctor i Auditorium I, Geologibygningen. Prøveforelesninga, over temaet «The evolution of continents» er kl 10:15, og forsvaret av avhandlinga «Viscoelasticity, Centrifugal Forces and Long-Term Stability of Boundary Layer Anomalies in Mantle Convection Models» er kl 14:15. Les meir her.

Eg minner om at disputasar, og ikkje minst prøveforelesningane, er fine høver til å oppdatere seg på utviklinga i geofaga!

Ny doktorar

Desember tilhøyrde jentene:
11/12 disputerte Hedda Breien, og forsvarte avhandlinga «On the dynamics of subaqueous and subaerial gravity mass flows – a comparison». Hedda har vore VISTA-stipendiat (samarabeid mellom Vitenskapsakademiet og Statoil), har hatt arbeidsplassen sin i hovudsak på International Centre of Geohazards, og har hatt Anders Elverhøi og Kaare Høeg som rettleiarar. Mykje av det eksperimentelle arbeidet er utført ved St Anthony Falls Laboratory, University of Minnesota. Hedda har teke til i forskarstilling ved NGI.

14/12 disputerte Lene Kristensen, og forsvarte avhandlinga «Glacier surges and landforms in a permafrost environment at the tidewater glacier Paulabreen, inner Van Mijenfrorden, Svalbard». Doktorgradsstudiet og arbeidet er gjennomført på Universitetssenteret på Svalbard, og disputasen vart også halden på UNIS. Rettleiarar har vore Hanne H. Christiansen og Ole Humlum. At Lene låg værfast på Bjørnøya til dagen før disputasen ga eit ekstra spenningsmoment til denne disputasen! Lene tek i desse dagar til i stilling ved det interkommunale skredsenteret knytta til Åkneset – Åknes/Tafjord Beredskap IKS.

Vi gratulerer Hedda og Lene, og rettleiarane deira!

Fagleg-pedagogisk dag 2010 avvikla

Fagleg-pedagogisk dag er attende etter at den vart avlyst i 2009. Dette årlege etterutdanningsarrangementet har ein viktig funksjon i kontakta mellom UiO og skulane i regionen, og vart i år arrangert 8. januar. Vi hadde fem foredrag, fire i Geologibygningen og eitt i Georg Sverdrups hus. Desse var:

I Aud I, Geologibygningen:

  • Energi og miljø. Professor Anders Elverhøi
  • CO2-lagring. Forskar Helge Hellevang
  • Hvor går den neste generasjonen klimamodeller? Professor Terje Berntsen
  • Vannressurser og globale endringer. Professor Lena Tallaksen

I Aud 2, Georg Sverdrups hus:

  • The Jet Stream, high and low pressure systems and fronts; Understanding the weather. Professor Joseph Lacasce

Det var godt frammøte og svært interesserte tilhøyrarar på alle foredraga. Stor takk til alle som var med, og til Thor Thorsen som drog i trådane.

Godt år!

Så er vi godt i gang med 2010. Det er seg tjuendeafta – på Tjuendedagen (den 13. januar – Sankt Knut) må sjølv dei største juleentusiastane innsjå at no er det på tide å få juletreet og sende dei forsinka julebreva. Sjølv om det var ei stille romhelg er det nå full fart – vi har allereide avvikla strategiseminaret 5 og 6. januar, har gjort vårt på Fagleg-pedagogisk dag 8. januar, og geologar og andre deltek i desse dagar på det 29. Nordiske vintermøte i geologi som i år vert arrangert i Oslo, på Radisson SAS Scandinavia. Torsdag 14. er det møte med tilsynssensorane, og så tek undervisninga til over helga. Så her er det berre å brette opp ermane. Eg nyttar høvet til å ynskje dykk alle godt år som det heiter på sognavis (for ikkje å seie «gått aor»).