Førstekonservator Johannes A. Dons døydde 14. november 89 år gamal. Han var grand old man i norsk geologi – han arbeidde saman med Olaf Holtedahl på 1950-talet og med mellom anna Roy Gabrielsen dette tiåret. Han var bestyrar på Geologisk-mineralogisk museum på Tøyen frå 1974 til 1985, identifiserte saman med Johan Naterstad Gardnos-krateret i 1990, og har mellom anna gjeve ut ein mykje nytta geologisk førar for Oslo-området. Minneord ved Arne Bjørlykke og Elen Roaldset.
Gravferda vert frå Ullern kyrkje tysdag 24. november kl 14.30.
0 Svar to “Johannes A. Dons er død”