Arkiv for november 2009

Klima «on the rocks»

I serien spennande gjesteforelesningar:
————————————————————
25.11.09 Climate ‘on the rocks’ – reconstructing glacial-interglacial
climate in the Tropical West Pacific from stalagmites

Anna Nele Meckler (California Institute of Technology)

Time and place: 25.11.09 Climate ‘on the rocks’ – reconstructing
glacial-interglacial climate in the Tropical West Pacific from
stalagmites Nov 25, 2009 02:15 PM – 03:00 PM , CIENS, room 7
————————————————————

Advertisements

Allmøte om undervisning

Komande fredag, den 27. kl 13:15, vert det allmøte om undervisning i Auditorium I i Geologibygget. På dagsorden står mellom anna nye opplegg i studieprogramma, studentutviklinga og konsekvensar av denne, planar for vårsemesteret.

Ikkje berre å pumpe …

Mange har sikkert fått med seg at Statoil på forsommaren fekk lekkasje når dei pumpa oljehaldig vatn ned i det dei trudde var Utsira-formasjonen på Tordis-feltet på 1000 m djup. Undersøkelsesrapporten er nå klar – du finn ei oppsummering her. Den syner kor viktig det er å ha detaljkunnskapar om dei geologiske formasjonane når ein injiserar i havbotnen – det gjeld CO2 som produksjonsvatn.

Spennande gjesteforelesingar

Professor Amos Nur frå Stanford University gjestar Oslo komande veke. Han deltek i seminaret om bergartfysikk onsdag 25. november, og gjev torsdag 26. november kl 14:15 og 15:15 gjesteforelesingar over emna

  • «What’s wrong with Earthquake Physics?»
  • «The Catastrophic End of the Bronze Age: Earthquakes or Sea People?»
    Amos Nur er ein av verdas mest framståande seismologar, og er også godt kjent den populærvitenskapelege boka si og TV-program om jordskjelvkatastrofer og arkeologi.

    Forelesingane er arrangert av PGP og Institutt for geofag i fellesskap, og vert haldne i Auditorium I i Geologibygningen

  • Seminar om bergartsfysikk

    Mini seminar on Rock Physics
    Date: Wednesday, November 25, 2009
    Time: 12:10
    Place: Auditorium I, Department of Geosciences, University of Oslo
    Visiting address: Sem Sælands vei 1, Blindern

    Program
    12:10-12:15 Brief Introduction
    12:15-12:40 Knut Bjørlykke, UiO – Experimental and natural sediment compaction
    12:40-13:05 Manzar Fawad, UiO – Mechanically compacted various sand aggregates – A useful dataset to help characterize the sandstone reservoirs
    13:05:13:30 Jens Jahren, UiO – Quartz cementation in sandstones and shales
    13:30-13:55 Nazmul Haque Mondol, UiO & NGI – Velocity anisotropy in mechanically compacted synthtic mudstones

    13:55-14:25 Discussion and Coffee

    14:25-14:50 Amos Nur, SU & Ingrain– Computational rock physics
    14:50-15:15 Fabrice Cuisiat, NGI – Rock physics at all scale–Snapshots of activities at NGI
    15:15-15:40 Lars Grande, NGI – Micromechanical modeling of formation and core damage
    15:40-16:05 Per Avseth, Odin Petroleum & NTNU – The role of rock physics depth trends in seismic exploration
    16:05-16:35 Discussion

    All are welcome!

    Klima21

    Klima 21 er eit strategisk forum for klimaforsking oppretta av Regjeringa. Utvalget skal utvikle en heilskapleg strategi for norsk klimaforskning, og bidra til at forskningsresultat vert tekne i bruk. Utvalget skal levere ein synteserapport til Regjeringa før året er omme. Det er nedsett fire arbeidsgrupper som skal ta fram underlagsmateriale, dei har alle levert rapportane sine. Arbeidsgruppene er:

  • Arbeidsgruppe 1: Klimasystemet, naturlige variasjoner
  • Arbeidsgruppe 2: Konsekvenser og tilpasninger
  • Arbeidsgruppe 3: Rammebetingelser for utslippsreduksjoner
  • Arbeidsgruppe 4: Strukturen til norsk klimaforskning

    Klima21 har eiga heimeside: http://www.klima21.no
    Dei fire rapportane frå arbeidsgruppene finn du her.

    Rapporten frå arbeidsgruppe 4 har vekt ein god del diskusjon – vi er mange som tykkjer Oslomiljøa sin store aktivitet innan klimarelatert atmosfæreforsking, kryosfæreforsking og havforsking er lite synleg både i statusbeskrivelsen og konklusjonane.

  • Johannes A. Dons er død

    Førstekonservator Johannes A. Dons døydde 14. november 89 år gamal. Han var grand old man i norsk geologi – han arbeidde saman med Olaf Holtedahl på 1950-talet og med mellom anna Roy Gabrielsen dette tiåret. Han var bestyrar på Geologisk-mineralogisk museum på Tøyen frå 1974 til 1985, identifiserte saman med Johan Naterstad Gardnos-krateret i 1990, og har mellom anna gjeve ut ein mykje nytta geologisk førar for Oslo-området. Minneord ved Arne Bjørlykke og Elen Roaldset.
    Gravferda vert frå Ullern kyrkje tysdag 24. november kl 14.30.

    Yggdrasil-stipend

    Frå Forskningsrådet:
    IS-MOBIL – Yggdrasil-stipend til forskningsopphold i Norge (Frist: 17.02.2010)
    Høyt kvalifiserte ph.d-studenter og yngre forskere fra rundt 50 land kan søke stipend til forskningsopphold fra 1-10 måneder i Norge i løpet av det akademiske året 2010-2011. Meir her.

    Doktorgradstipend i atmosfæreforskning

    Dette er ei treårig stilling knytt til NORKLIMA-prosjektet “Sources of Greenhouse Gases in East Asia” (SOGG-EA). Prosjektet er leia av Andreas Stohl ved NILU og vi er partner. Utlysinga finn du her.

    Allmøte om BOA fredag den 13

    Eg minner om allmøtet komande fredag den 13 kl 13:15 i Auditorium I i Geologibygningen. Vi skal ta opp status og erfaringer fra innføring av «Reglement for bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet (BOA)» – det nye prosjektbudsjettering- og regnskapssystemet, og ikkje minst kva verknader det vil ha for prosjektleiarane våre. Møtet ligg mellom Natgeos faglunsj og PEGGs seminar, så her er det gode høve til å kombinere fag og mammon.