Arkiv for oktober 2009



Pris til Kimberly Casey

KimberlyKimberly Ann Casey, stipendiat på NatGeo, vann ein av tre «Best Student Poster Awards» på SGA 2009, Smart Science for Exploration and Mining conference by the Society for Geology Applied to Mineral Deposits, 17-20 Aug 2009, Townsville, Australia. Tittelen på posteren var: «Proposed methodology for detection of geochemical species on glaciers». Vi gratulerer!

Reklame

StatoilHydros forskarpris til Jan Inge Faleide

Ved ei tilstelling i Trondheim i dag 12. oktober, Technoport Awards, vart Jan Inge Faleide tildelt StatoilHydros forskarpris for 2009. Technoport Awards er «arena for utdeling av tunge og prestisjefylte teknologipriser, hvor menneskene bak teknologien blir hedret i en ramme av spennende artister». Om StatoilHydros forskerpris: «StatoilHydros forskerpris er en anerkjennelse av oppnådd forskningsresultat på høyt internasjonalt nivå. Prisen skal være en inspirasjon og støtte til den videre forskning innenfor fagområder som StatoilHydro anser som viktig innenfor sin virksomhet. Prisen er på NOK 200 000».

Tildelinga er eit prov på styrken i instituttet sin kompetanse innan petroleumsgeologi og -geofysikk. Vi gratulerer Jan Inge ned den velfortente prisen! StatoilHydro si pressemelding (med video) finn du her.

Skvatt du?

Dersom du loggar deg inn på Frida (eller andre system som nyttar Feide innloggingssystem) så får du no opp eit skjermbilete som syner fødselsnummeret ditt og varslar om at dette vert nytta som identifikasjon og dermed vert sendt til Frida. Dette kan få nokon kvar til å skvette og tenke seg om to gonger før ein loggar seg inn. Det ein skal vere klar over er at dette ikkje er noko nytt – fødselsnummeret har også vorte nytta tidlegare. Det som er nytt er at det vert informert om dette (etter pålegg frå Datatilsynet?)

Lynkursdagar

USIT melder at haustens lynkursdagar vert 21. og 22. oktober. Målgruppa er alle tilsette ved UiO. Dette to dagar med korte IT-relaterte kurs. Alle kursa er gratis, men nokon av kursene krev påmelding.

Program her.

Seminar om solas rolle i global oppvarming

Vitenskapsakademiets klimautvalg arrangerer fyrstkomande torsdag, 15. oktober kl 18:15, seminar over temaet «Solens rolle i mekanismer for global oppvarming, spesielt nyere teorier om kosmisk stråling». Innleiarar er Henrik Svensmark, Danmarks Romsenter, og Jón Egill Kristjánsson, Institutt for geofag. Her er det duka for friske diskusjonar! Meir her.

Ny dr. philos.

Cand. real. Bjørn Røsting disputerte torsdag 8. oktober for graden dr. philos., med avhandlinga «Use of potential vorticity in monitoring and improving numerical analyses and simulations of severe winter storms in Western Europe». Bjørn Røsting arbeider dagleg ved Værvarslingsavdelinga ved met.no. Vi gratulerer!

Instituttseminar

Eg minner om instituttseminaret i dag fredag 9. oktober kl 14:15. Vertskap er Avdeling for petroleumsgeologi og geofysikk, og foredragshaldar er professor emeritus Knut Bjørlykke, han snakkar over emnet: «From sedimentary environments to rock physics.
PEGG projects on natural compaction in sedimentary basins and experimental compaction in the laboratory». Etter foredraget( i auditorium I) vert det forfriskningar i auditorium III. Velkommen!

Ny doktor

Den 25. september disputerte Zhong Wang og forsvarte sin avhandlinga si «Investigating the electric properties of a siliciclastic reservoir based on rock-physics modelling and laboratory experiments» for graden Philosophiae Doctor (ph.d.). Rettleiarar har vore professor Leiv-J. Gelius (her) og dr. Fan-Nian Kong (NGI). Vi gratulerer! Zhong Wang arbeider no på NGI.