Ingrid Stensland, kommunikasjonsleiar på fakultet har utfordra oss:
Hei,
I den samlede katalogen over UiOs studietilbud skal sidene «krydres» med div info om UiO og faglige ting á la «Visste du at…osv.». Kan dere hjelpe med dette for deres fagområder eventuelt andre interessante ting som dere vet om? Det hadde vært veldig gøy å få på mye realfaglig stoff her!
Innspill sendes meg innen 6. november. På forhånd takk!
Mvh Ingrid
Forslag kan gjerne leggast inn som kommentarar under.
Eit par eksempel:
Visste du at … Det Kongelige Norske Bergseminarium på Kongsberg, oppretta i 1757, var Europas fyrste institusjon for høgare utdanning i bergteknikk, og forløparen til Det Kongelige Frederiks Universitet i Christiania, nå Universitetet i Oslo?
Visste du at … Fridtjof Nansen var professor i zoologi og seinare professor i oseanografi ved Universitetet i Oslo, og at arbeida hans innan nevrologi er grunnlaget for korleis vi i dag forstår at hjernen og nervesystemet fungerar? Like grunnleggande var forskningsresultat hans innan oseanografi for forståinga av mekanismane rundt havstraumane.
Visste du at … golvet i vestibylen i Geologibygningen er ein mosaikk av 159 ulike bygningssteinar frå heile Norge?
Visste du at … det nye bibliotekbygget på Blindern er kledd i Norges nasjonalbergart Larvikitt?
Visste du at … på Kristi tid kunne ein fiske torsk på Universitetsplassen og Karl Johans gate?
Visste du at … Ullernåsen er resten av ein 250 millionar år gamal vulkan?
Visste du at … på 1700 talet dyrka Halvor Blinderen aprikoser og den eksotiske rotfrukta potet på Blindern. Han har privat gravmæle i lunden ved Halvor Blinderens plass nederst på Blindern campus.
Visste du at … frå 1888 «kringkasta» Meteorologisk institutt veret med versymbol som vart heisa i tårnet på vassforsyningsbassenget på Sankthanshaugen? Siste gong varslet vart heisa var 8. april 1940 …