Arkiv for oktober 2009

Gæas julebord

Jula nærmar seg: Gæa Norvegicas vidkjente julebord vert 20. november. Set av datoen!

Advertisements

MILEN-seminar (avlyst)

Seminaret er avlyst pga sjukdom.

Frå MILEN, den tverrfakultære satsningen «Miljø og energi» har vi fått fylgjande innbyding:

Seminar: «Energy is a social good. New Perspectives on Sustainable Consumption»
We have the honour of introducing Richard Wilk, Professor of Anthropology from Department of Gender Studies and Anthropology, University of Indiana, as the main speaker at this seminar, where we will explore ways in which the social sciences and anthropology in particular, can contribute to the sustainable consumption research agenda.
Time and place: November 4th, 10.15-12.00, Aud 5, Eilert Sundts hus, A-blokka, Blindern
Program:
– Dr. Harold Wilhite: Introduction: Why Energy needs Social Science.
– Richard Wilk: Anthropological Perspectives on the Sustainable Consumption of Energy.
– Open discussion
More information: http://www.milen.uio.no/arrangementer/seminarer/2009/consumption.html

Skal dette verte spennande, er det viktig at også naturvitarar deltek!

Visste du at …

Ingrid Stensland, kommunikasjonsleiar på fakultet har utfordra oss:

Hei,
I den samlede katalogen over UiOs studietilbud skal sidene «krydres» med div info om UiO og faglige ting á la «Visste du at…osv.». Kan dere hjelpe med dette for deres fagområder eventuelt andre interessante ting som dere vet om? Det hadde vært veldig gøy å få på mye realfaglig stoff her!
Innspill sendes meg innen 6. november. På forhånd takk!

Mvh Ingrid

Forslag kan gjerne leggast inn som kommentarar under.
Eit par eksempel:
Visste du at … Det Kongelige Norske Bergseminarium på Kongsberg, oppretta i 1757, var Europas fyrste institusjon for høgare utdanning i bergteknikk, og forløparen til Det Kongelige Frederiks Universitet i Christiania, nå Universitetet i Oslo?

Visste du at … Fridtjof Nansen var professor i zoologi og seinare professor i oseanografi ved Universitetet i Oslo, og at arbeida hans innan nevrologi er grunnlaget for korleis vi i dag forstår at hjernen og nervesystemet fungerar? Like grunnleggande var forskningsresultat hans innan oseanografi for forståinga av mekanismane rundt havstraumane.

CIENS-dag 5. november

Eg minner om CIENS-dagen den 5. november. Arrangementet startar med eit møte med Forskningsrådet i Forum kl 15:30:
Direkte tale i Forum
Dialog med Forskningsrådet om frustrasjoner og muligheter i forhold til finansiering, prioritering, tverrfaglig samarbeid og annet som
preger forskerhverdagen. Det blir anledning til å stille spørsmål og ytre seg.

Etterpå vert det mat, drikke og underhaldning (Per Inge Torkelsen i fri dressur, CIENS Storband mm) i fellesområdet. Arrangementet er gratis, men ein melde seg på – frist 29. oktober. Påmelding her.

Utlysing av nye SFI

Forskningsrådet har lyst ut til skissesøknader for nye senter for forskingsdreven innovasjon – SFI. Det er snakk om minst seks senter med oppstart i 2011. Det er i utgangspunktet ei open utlysing når det gjeld tema, men det er likevel peika på fem temaområdet det er ynskje om søknader innan. Desse er:

  • Privat tjenesteyting
  • Offentleg sektor/helsesektoren
  • Transport
  • Mat
  • Miljøteknologi

Fristen for skissene er 21. desember, frist for full søknad vil vere 21. april. Meir informasjon finn du her. Ta kontakt med instituttleiar dersom du har idear eller er kontakta om søknadssamarbeid.

Instituttrådsmøte 4. nov

Neste instituttrådsmøte vert 4. november. Sentrale tema vert budsjett 2010 og HMS for laboratoriene.

Bernd på ambassadevitjing

Det bilaterale partnerskapsprosjektet CryoEx – «Ottawa-Oslo-Svalbard terrestrial cryosphere exchange» har hatt prosjektmøte og seminar i Ottawa, og i den sammenheng vore på mottaking i den norske ambassaden. Ambassaden er svært nøgd med dette fine samarbeidsprosjektet, og har eige oppslag om det på heimesida si – sjå meir her. Bilde: Herman Farbrot.

Nordic PhD course on climate and hydrology

Vi har denne veka gjesting av det nordiske forskarkurset «Nordic PhD course on climate and hydrology». Dette er eit samarbeid mellom Lunds universitetet, Göteborgs universitetet, University of Oulu, Universitetet i Oslo og Universidad Federal do Rio Grande do Sul (som vi forstår eit litt utvida Norden-begrep). Professor Chong-yu Xu er vår person i kursleiinga, og vi har ein ph.d.-student med, Cosmo Socrates Ngongondo. 21-23 oktober skal deltakarane ha førelesningar hjå oss og vitje NVE og Meteorologisk institutt.

Nyhendebrev frå fakultetet

Oktoberbrevet frå fakultetet er nå ute. Av innhaldet nemner vi:

  • Leder: UiO’s satsing på realfagene
  • Bachelorseremonien 2009
  • Ny lærebok og fornyet matematikkurs
  • Jenter og realfag
  • Senter for entreprenørskap

Tekna-seminar «Modellering og simulering»

Vi har fått fylgjande frå Pål Grønsund:
Jeg er PhD-student ved Institutt for Informatikk, og engasjert i faggruppen i Tekna – praktisk anvendelse av IKT. Vi skal holde et seminar om simulering og modellering. Jeg har mange venner og bekjente på geofag som jeg vet jobber med simulering og modellering ved bruk av IT-systemer, og jeg er sikker på at seminaret er relevant for mange på Institutt for geofag.

Seminaret «Modellering og simuleringer» vert helde 11. november 2009 kl 1700 – 1900 i Ingeniørenes hus, og foredragshaldar er Hans Petter Langtangen. Det er gratis, og påmeldingsfrist er 9. november. Meir Informasjon finn du her.