Arkiv for september 2009

Realistforeingen 150 år

Realistforeningen er 150 år i år, og vi deltek i feiringa. Før sommaren hadde vi oljeutstilling i Galleri Sverdrup, og denne veka deltek vi i temaopplegget «Vatn og miljø». Programmet er:

24. september kl. 15.15
Isbreer; klima og havnivåendringer
Foredrag ved Jon Ove Methlie Hagen, professor ved Institutt for Geofag
24. september kl. 16.15
Effekter og respons på klimaendringer Og når vi får mer regn: hva skjer med vannkvaliteten?
Foredrag av professor Rolf Vogt fra Kjemisk institutt
24. september kl. 17.15
Den globale ferskvannskrisen
Foredrag ved Haakon Thaulow, seniorrådgiver ved NIVA

Alle foredraga er i Auditorium 4, Vilhelm Bjerknes» hus.

Advertisements

Forskningstorget 2009

Instituttet deltok på Forskningstorget i CIENS-teltet. Temaet var «Bærekraft og utvikling», vi bygde standen vår rundt CO2-lagring. Det var stor pågang av unge og gamle begge dagar, og CO2-demonstrajonar med Farris slo godt an. Biletet viser Thor Thorsen og Elin Kalleson med ihuga tilhøyrarar.

Pengar til avansert vitskapleg utstyr utdelt

Då er tildelinga til tungt avansert vitskapleg utstyr klar. Til MatNat kom det berre ei løyving, «Norwegian High-Throughput Sequencing Centre» ced CEES/Biologisk institutt fekk 23 millionar. Instituttet får trøyste seg med at NGIs søknad om «SAFFT – Shearing, fracturing and flow in geomaterials related to petroleum reservoirs, CO2 storage and geothermal energy production» gjekk inne, vi er partner på denne. Heile lista finn du her.

Jón Egill Kristjánsson og Henrik Svensmark på SVT2

Sveriges televisjon, SVT2, sender måndag 7. september kl 20 ein dokumentar om kosmisk stråling og klima. Programmet tek utgangspunkt i ein debatt i Stockholm 11. mai i år, der mellom anna Henrik Svensmark og Jón Egill Kristjánsson deltok. Les førhandsomtalen her. Prgrammet sendes også seinare i veka,

Gjesteforelesning /prøveforelesning

I samband med tilsettingsprosessen for førsteamanuensis/professor i sedimentologi vert det fyrstkomande onsdag 9. september kl 10:15 forelesning ved dr. Piret Plink-Björklund over temaet:

Use of process sedimentology in answering large-scale questions
on palaeoclimate changes, sediment delivery from continent into deepwater,
and reservoir complexity

Forelesningen er i rom 219 – «Valhall»