Det er no forhandla fram ein utvidelse av UiO sin avtale med Kopinor om kopiering av opphavsverna material. Det nye i denne avtalen er at de no er tillete å digitalisere materialet (det er kanskje ikkje kjent for alle at dette ikkje har vore tillete tidlegare). Nokre punkt frå avtalen:
- Forhåndsdefinert pensum kan framleis berre distribuerast på papir
- Tilleggsstoff kan leggast distribuerast på email og leggast ut på Classfronter, men ikkje i opne internettsider.
- UiO har lisensavtale med dei fleste tidsskrift som vert utgitt i digital fom – desse kan distribuerast digitalt (men ikkje på opne internettsider.)
Som ein hovedregel kan altså ikkje opphavsverna material leggast ut på semestersidene til kursa våre («vortex-sidene»), dersom dei er opne. Bruk fronter!
Ei presisering: Det er ikkje noko i vegen for å legge ut materiale på semestersidene («vortex-sidene»), men ein må då sjølv sørge for å avgrense tilgangen. Dette skjer automatisk i Fronter.