Forskar Helge Ryggvik på TIK har i samband med lansering av boka si («Til siste dråpe») vore mykje i fokus i media den siste veka med uttalelsar som er vorte tolka til at det kan vere slutt på oljeutvinninga på norsk sektor innan åtte år. Dette bygger på heilt urealistiske føresetnader – oljen ligg ikkje i eit spann som brått vert tomt, og saka er ikkje særleg hyggeleg for energikompetansen på UiO. Er du interessert i å gjere opp di eiga meining om dette så er ressursrapportane til Oljedirektoratet eit godt utgangspunkt – den siste kom i 2007. Særleg aktuelt i denne samanhengen er kapitlet «Scenarier for norsk kontinentalsokkels utvikling». Scenario C – «Stengetid» – er det som nok ligg nærast Ryggvik sine tankebaner. Merk ellers at Ryggvik snakkar om olje, rapporten om olje og gass i oljeekvivalentar. Det er som kjent mykje meir gass enn olje i dei kjente reservane på norsk kontinentalsokkel.
0 Svar to “Oljen slutt om åtte år?”