Det er eit sakn etter fagsosiale møtestader på instituttet. Ei av årsakene er at dei faglege instituttseminara i stor grad er avløyst av avdelingsseminar. Desse er både viktige og nyttige, men dei fremjar ikkje kontakt på tvers av avdelingsgrensene. I haust vil vi derfor arrangere fagleg instituttseminar (ikke strategiar og slikt – det held vi utanfor) kvar fyrste fredag i månedan kl 14:15, med sosialt samvær etterpå (frå kl 15). Seminara flyttest utover i månaden ved kollisjon med disputasar o.l. Ansvaret for det faglege innhaldet går på omgang mellom avdelingane. Turnusen ut året er:
4. september: MetOs
9. oktober (avvikande dato pga haustferien): PEGG
6. november: MHN
4. desember: TPG
Natgeo innleier vårsemesteret 15. januar.
Det fyrste foredraget er på plass: 4. september: Jón Egill Kristjánsson: Polare lavtrykk