Arkiv for juli 2009



Partnerskap-program med University of Dar es Salaam

Universitetet i Oslo  sende i april inn anbud til SIU på å vere norsk partner til University of Salaam i Tanzania under PITRO-programmet (Programme for Institutional Transformation, Research and Outreach).  Prosjektet går over tre år, fagleg fokus er på utdanning, miljø og «good governance».  Det er no bekrefta et UiO har fått oppgåva. Prosjektleiar ver Desmond McNeill frå SUM, og det er utlyst ei halv stilling som administrativ koordinator. Vår kontakt inn mot prosjektet er Henning Dypvik, innan området Environmental Studies in Geosciences.

Fleire fadderar til GGG!

Vi har dei siste åra hatt eit fadderopplegg for dei nye bachelorstudentane – såkalla studentgrupper, med Henning Dypvik som bærande kraft. Fadderane er fast tilsette ved instituttet. Dette er både nyttig og hyggeleg for alle involverte, og krev liten arbeidsinnsats frå fadderane Med det store kullet i år treng vi ti fadderar for ei forsvarleg gjennomføring av opplegget – fem har meldt seg på. Noko fråvær i perioden (dei fyrste månadane av haustsemesteret) er ikkje noko problem – vi snakkar om nokre fellessamtalar, gjerne i lunsjen, og ei dør å banke på om det skulle trengast. Meld dykk på til Henning!

Øyvind Pettersen til Forskningsrådet

Øyvind Pettersen, som har hatt permisjon frå stillinga si på instituttet siste året, er tilsett som seniorrådgjevar i Forskningsrådet. Vi forstår det slik at han vil ha fagansvar innan geofag og infrastruktur. Vi gleder oss over å sjå geofagpersonar i viktige posisjonar i Forskningsrådet, og gratulerer!

Ny direktør i Forskningsrådet

Sønneve Ølnes, noverande assisterande instituttsjef ved TØI og leiar for CIENS, er tilsett som direktør for Divisjon for administrasjon i Forskningsrådet. Ho tiltrer stillinga 1. oktober.

http://forskningsradet.no/no/Nyheter/Nye+direktorar+i+Forskingsradet/1244734250478&kilde=f

Forskningstermin 2010

Vi har tre søknader om forskningstermin for komande år:

  • Frode Stordal – heile året, utanlandsopphald ved Abdus Salam International Centre for Theoretical Physics (ICTP) og National Centre for Atmospheric Research (NCAR)
  • Lars Gottschalk –  H2010, ferdigsstilling av internasjonal lærebok i «Hydrostochastics» (open access).
  • Bernd Etzelmüller – V2010, forskningsopphald UNIS og Canada

Ny gratis global terrengmodell

NASA og Japans Ministry of  Economy, Trade and Industry annonserte 29. juni at dei har produsert ein global terrengmodell basert på ASTER-målingar som er lagt ut i public domain. Oppløysinga er 30 m og formatet er GeoTIFF. Frå heimesidene til NASA:

ASTER Global Digital Elevation Map Announcement

Japan’s Ministry of Economy, Trade and industry (METI) and NASA announced the release of the ASTER Global Digital Elevation Model (GDEM) on June 29, 2009. The GDEM was created by stereo-correlating the 1.3 million scene ASTER VNIR archive, covering the Earth’s land surface between 83N and 83S latitudes. The GDEM is produced with 30 meter postings, and is formatted in 1 x 1 degree tiles as GeoTIFF files. Each GDEM file is accompanied by a Quality Assessment file, either giving the number of ASTER scenes used to calculate a pixel’s value, or indicating the source of external DEM data used to fill the ASTER voids.

http://asterweb.jpl.nasa.gov/gdem.asp

Prosjektsøknad NOMA

Instituttet har lagt inn ein prosjektsøknad til den nye NOMA-utløsningen – Norad sitt masterprogram. Temaet er «Master in Water Resources/Science», og hovudsamarbeidspartner i sør er University of Malawi. Det er snakk om to kull med opptak i 2010 og 2012. Vår prosjektleiar er ChongYu Xu, og prosjektleiar ved University of Malawi er John Saka. Prosjektet knyter seg til to eksisterande prosjekt med overlappande tema og partnerkonstellasjon: NUFU-prosjektet «Water Science» (prosjektleiar Lena Tallaksen) og «Socioeconomic Consequences of Climate Change in Sub-equatorial Africa (SoCoCA)» (prosjektleiar Frode Stordal).