Vi har dei siste åra hatt eit fadderopplegg for dei nye bachelorstudentane – såkalla studentgrupper, med Henning Dypvik som bærande kraft. Fadderane er fast tilsette ved instituttet. Dette er både nyttig og hyggeleg for alle involverte, og krev liten arbeidsinnsats frå fadderane Med det store kullet i år treng vi ti fadderar for ei forsvarleg gjennomføring av opplegget – fem har meldt seg på. Noko fråvær i perioden (dei fyrste månadane av haustsemesteret) er ikkje noko problem – vi snakkar om nokre fellessamtalar, gjerne i lunsjen, og ei dør å banke på om det skulle trengast. Meld dykk på til Henning!
0 Svar to “Fleire fadderar til GGG!”