Arkiv for juli 2009

Laboratorieleiar

Stillingen som laboratorieleiar er no utlyst. Sjå utlysinga her. Søknadsfristen er 1. september.

Advertisements

Nordisk forskarkurs i hydrologi / Nordic Ph.D.-course in hydrology

Frå professor Chongyu Xu:
I am pleased to tell you that this autumn there is a joint Nordic PhD course on climate and hydrological modeling, for details see
http://www.tvrl.lth.se/utbildning/graduate_courses/nordic_course_on_climate_hydrology/
If you are interested and have questions you can also contact me.

Bill Gates som orkandrepar

Her er litt å tygge på for meteorologane og oseanografane våre:

http://www.tu.no/natur/article216842.ece

– at temperaturen på 150 m djup i Mexico-gulfen på 150 m  er null grader er vel den mest overraskande opplysningen.

Støtte til formidling frå Forskningsrådet

Frå Forskningsrådet har vi motteke fylgjande:

Midler til formidlingsprosjekter (PROREAL)

Prosjekter med årlig budsjett mellom 50.000 og 500.000 kroner kan søke.
Deler av utlysningen gjelder spesielt formidling egnet til å øke interessen og forståelsen for havbruk, energi, klima og miljø og  nanoteknologi.
Søknadsfrist: 02.09.2009 13:00 CET

Les mer
<http://www.forskningsradet.no/no/Utlysning/PROREAL/1244734178063?kilde=n&gt;

Energi, klima og miljø er tema som skulle passe oss godt!

Vidareutdanningskurs for lærarar

Det er nå mogleg å melde seg på «Geofag – videreutdanning for lærere». Påmeldingsskjema og informasjon finnes på denne sida: http://www.geo.uio.no/evu/geofagvgs.html. Påmeldingsfristen er 3. august.

Årets kurs er det fyrste av fire, og heiter «Arbeid i geotop – feltarbeid i geofag». Det er på 15 studiepoeng. Programmet er eit samarbeid mellom Naturfagsenteret og Institutt for geofag.

Oppgradering av mikrosonden

Muriel Eramberts søknad til UiOs interne finansiering av avansert vitskapleg utstyr i kostnadsråma 1 til 5 mill», «New EDS and new software to the Electron Microprobe» er innvilga. Dette  er ein svært velkomen og viktig oppgradering. Det var berre 11 utstyrssøknader som vart innvilga totalt, fire ved MatNat, så nålauget var trongt!

Fagleg-pedagogisk dag er attende

Det vert Fagleg-pedagogisk dag for lærarane på Austlandet 8. januar 2010 – det er fint at arrangementet er attende. Vi må melde inn våre opplegg til fakultetet innan 20. august – vi bør ta sikte på ei foredragsrekke i Auditorium I frå kl 10:15 til 16. Vi har nok å by på!

Oksygenfritt bunnvann i Bærumsbassenget – allereie på 1700-tallet?

Planorbulina_Alve_150pxlElisabeth Alve har saman med Aud Helland og Jan Magnusson frå NIVA undersøkt oksygentilhøva i Bærumsbassenget på oppdrag fra Bærum kommune. Det er ein fyldig omtale av rapporten på NIVAs heimesider.

Instituttet lyser ut professorat/fyrsteamanuensis-stilling

Instituttet lyser ut stilling i ingeniørgeologi/geoteknikk. Les meir
her. Søknadsfrist: 20.08.2009

Sommarfest

Det vart ikkje sommarfest før ferietida i år – vi kjem sterkt attende med ein seinsommar/haustfest i september. Så har de noko å glede dykk til i traurige feriedagar!