Posts Tagged 'utdanning'

Gode søkartal til geofag

Tala frå Samordna opptak for studieåret 2013/14 er nå offentleggjort, og vi kan glede oss over svært god søking til studieprogramma våre. “Geofag: geologi, geofysikk og geografi” har 167 fyrstevalgsøkarar, opp 17% frå i fjor, og “Fysikk, astronomi og meteorologi” er attende til gammal styrke med 155 søkarar, opp 27%. Sjølv etter auken av talet på plassar dei siste åra er nå geofag-proframmet det som flest søkarar i høve til studieplassar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, 2,23 pr studieplass.

Samtidig har vi også stor auke på søkinga til masterprogrammet, 152 1. prioritet-søknader. Geofag er i vinden!

God arbeidsmarknad for geofag-kandidatar

Tabell 2.1NIFU – Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning – har annakvart ei undersøkning av situasjonen til bachelor- og masterkandidatar eit halvt år etter at dei har teke eksamen. Data frå den siste undersøkinga, Kandidatundersøkelsen 2011, er nett publisert. Den bygger på svar frå 2800 kandidater (ein svarprosent på omlag 50), og inneheld mykje interessant informasjon. Det er til dømes ikkje svært stor skilnad på arbeidsløysa for masterkandidatar mellom hovedfaggruppene – lågast ligg pedagogikk og lærarutdanning med 2% og høgast ligg juridisk med 7.7% – det siste kanskje noko overraskande. Naturvitskaplege og tekniske fag ligg på 7.3%. Mellom naturvitskapane har geofag klart den lågaste arbeidsløysa, med 2.7%, sjå figuren. Alt dette gjeld altså eit halvår etter eksamen.

Medan det ikkje er stor skilnad på naturvitskapane og dei andre faggruppene når det gjeld arbeidsløyse, er det langt færre naturfagkandidatar i jobbar som er dårleg tilpassa utdanninga enn i til dømes humanistiske fag og samfunnsvitskaplege fag.

Heile rapporten, “Arbeidsmarkedssituasjon og tilfredshet med utdanningen blant ulike grupper av nyutdannede”, NIFU-rapport 39/2012, finn du her.

Oppdatering: Oppslag i TU på nett.

Opptaket er klart

Samordna opptak har no lagt ut tala for hovudopptaket. Vi hadde svært god søking i år, og sjølv om vi har auka opptaket til Geofag-programmet (GGG) kraftig (over 100 har fått tilbod, så har karakterkrava stege. Poenggrensa for ordinært opptak er i år 48.3, mot 43.8 i fjor, for fyrstegongsvitnemål 44.2. Til Fysikk, astronomi og meteorologi-programmet (FAM) ligg poenggrensa omtrent som i fjor, rundt 40.

Detaljane finn du på heimesidene til Samordna opptak. Kommentar til opptaket ved UiO her

Då ser vi fram til å møte mange flinke nye studentar over sommaren!

Gode søkartal for geofag

OpptakstalFørebels tal frå samordna opptak er no klare. Totalt er ein auke i søkarar på 6.6% frå 2011, for realfaga 11.2%.  UiO har ein generell auke på 5.2%

På studieprogrammet GGG - Geofag: Geologi, geofysikk og geografi er det 143 fyrstevalgssøkarar, opp 46% frå i fjor, og på FAM – Fysikk, astronomi og meteorologi 122, ein liten nedgang frå i fjor. Kvinnedelen er på 50% på GGG, 34% på FAM. Dette er ein fin auke for begge programma, i fjor var tala 44 og 30%. 

Vi ser liknande utvikling for dei andre lærestadene. Geovitenskap ved UiB har tilsvarande auke, 55%, medan Meteorologi og oseanografi har ein nedgang. Geologistudiet ved NTNU har ein auke på 58% og  geologistudiet ved UiT har nesten ei dobling av søkartalet, frå 30 til 54. Petroleumsfag ved NTNU toppar lista med ei tredobling av søkninga frå i fjor. Høgskulen i Sogn og Fjordane held fram med den fine utviklinga på programmet Geologi og geofare, opp frå 17 til 25. Geomatikkstudiene syner noko varierande  utvikling - ved UMB aukar søkinga, medan den går noko ned ved Høgskolen i Gjøvik.

Rapportsida for samordna opptak finn du her, og søkartala for UiO her. Med 2.4 søkarar for kvar av dei 60 studieplassane på GGG og med den store interessa for geofag saman med den store etterspurnaden etter kandidatar innan faget ser vi at det ville vere fint om talet på studieplassar kunne aukast.

Studiekvalitet.no

Gruppearbeid på SVALEXTekna med samarbeidspartnerar (Telenor, Nordea, Abelia, NCE Systems Engineering Kongsberg, NHO, Microsoft, Civita, NIFU og Norsk Studentorganisasjon) har lansert nettsida studiekvalitet.no. Studentar og søkarar skal her kunne sjekke kvalitetsindikatorar på dei ulike studieprogramma og studiestadane. Eit godt tiltak – når vi vert evaluert på forskningskvalitet, og stadig vert ranka på internasjonale indeksar er det berre naturleg at vi blir evaluert utanfrå på studiekvalitet også. Det vil vere nyttig for søkarar og eit insitament til å forbetre seg studiestadane.

Nå skal det seiast at portalen verkar noko uferdig enno. Mellom anna går det ikkje klart fram at det berre er masterprogramma som er lista opp for universiteta. Den som vil ta master i geofag hjå oss skal søke opptak på eit av bachelorprogramma “Geofag: Geologi, geofysikk og geografi” eller “Fysikk, astronomi og meteorologi”. Det er karakterkrava for desse som er relevante for opptak. Vidare er bakgrunnsdata frå kandidatundersøkingane ikkje detaljert ned til studieprogramnivå – det ser ein til dømes av at nesten alle studieprogram innan realfag på UiO har 91.4% av kandidatane i relevant arbeid etter eit halvt år, med ei månadsløn på 31 263 kr.

Det sagt, så ser vi at realfagsprogramma på UiO ligg svært høgt i nasjonal samanheng på alle kvalitetsindikatorar, så for den som vil ha ein spennande studieplass og vere sikra relevant arbeid etterpå er dette sikre valg!

Studentopptak hausten 2011 på Institutt for geofag

Antall primærsøkereTilboda har nå gått ut til søkarane til bachelorprogramma, med svarfrist 26. juli. På programmet Geofag: Geologi, geofysikk og geografi (GGG) med 60 studieplassar (etter utviding) er det 560 søkarar totalt, av desse 101 fyrstevalg. Her har det gått ut tilbod til 77. På programmet Fysikk, astronomi og meteorologi (FAM) med 85 studieplassar er det 771 søkarar, 120 fyrstevalg – her har det gått ut 130 tilbod. Velkomstmøtet på instituttet for dei nye bachelorstudentane vert 15. august.

Talkjelde: Samordna opptak

Gode søkartal på Geofag

Antall primærskereSamordna opptak friga søkartala til høgare utdanning i dag. På landsbasis aukar talet på søkarar i snitt med 5.3% frå 2010 til 2011, og søkinga til realfag med 8.6%. På fakultetet aukar talet på primærsøkarar med 14%. På “våre” program er stoda at for Geofag: Geologi, geofysikk og geografi held den gode utviklinga fram, med 98 primærsøkarar, opp 18% frå i fjor, og meir enn ei fordobling frå 2005 (41 søkarar). Fysikk, astronomi og meteorologi, har ein liten nedgang frå i fjor, men har ser ut til å ha stabilisert seg på rundt 140 søkarar etter ein svak periode for nokre år sidan. Skal ein peike på ei negativ utvikling må det vere at lektorprogrammet i realfag har ein nedgang på 22%. Vi treng dyktige lærarar i realfag!

På dei andre lærestadane ser vi gjennomgåande ein auke for geologi-programma, og stor sett status quo for dei andre geofaga. Det er særleg hyggeleg å kunne gratulere Høgskulen i Sogn og Fjordane med ein auke frå 17 til 26 på det unge programmet i geologi og geofare!

Kjelde: Samordna opptak

Arbeidsgjevarundersøkinga 2010

UiO har gjennomført ei undersøking mellom arbeidsgjevarane om kva dei tykkjer om kandidatar frå universitetet. Undersøkinga femner om fakulteta MatNat, SV, UV og HF.  Prosjektleiar har vore Kristoffer Barbøl Vikebak, MatNat, og undersøkinga er gjennomført av TNS Gallup som web-skjema mellom arbeidsgjevarar med meir enn fire tilsette. Annik Myhre representerte MatNat i styringsgruppa. Av dei som har svart har 1895 tilsette frå UiO innan dei aktuelle fagområda. Gjennomgåande er dei godt nøgde med UiO-kandidatane, og dei aller fleste (92%) vil tilsette fleire av våre. Dei med tilsette fra MatNat (663) vurderar som dei viktigaste kvalifikasjonane:

  1. Evne til å tileigne seg ny kunnskap
  2. Evne til å formidle kunnskap
  3. Evne til å arbeide sjøvstendig

MatNat-kandidatane scorar best på fagkompetanse, 4.4 på ein skala frå 1 til 5 (best). Etter det evne til analyttisk tenking, evne til å tileigne seg ny kunnskap og evne til å arbeide sjølvstendig, alle med score 4.2. Av tre viktigaste kvalifikasjonane, sett frå arbeidsgjevarsida er det altså svært god score på evne til å tileigne seg ny kunnskap, medan karakterane på evne til å formidle kunnskap er 3.9 og evne til å arbeide produktivt i team 3.6. Det siste er nok eit signal om at vi bør satse meir på gruppearbeid i undervisninga. Svakast score får kandidatane våre på evne til å leie (3.4) og å ha god bransje/verksemdkunnskap (3.3) – dette er likevel ikkje dårlege karakterar.

Det ser ellers ut til at kandidatane våre gjennomgåande gjev seg sjølv noko dårlegare karakterar enn arbeidsgjevarane. Dette er rettnok frå to ulike undersøkingar, denne og Kandidatundersøkinga 2008, men det er generelt sett godt samsvar mellom dei to.

Meir om undersøkinga og kortversjon av rapporten finn du her.

Mangel på geokompetanse

geomatikkDet er stor etterspurnad etter geofagleg kompetanse i samfunnet. Tekniske Ukeblad har i dag eit oppslag med tittelen “Vill jakt på kartdata-hoder” der hovudmeldinga er at bransjen er bekymra for framtida sidan prosjekta og utfordringane står i kø medan rekrutteringa sviktar. Samtidig leitar oljebransen både etter nye funn og norske fagfolk. Tilsvarande meldingar får vi frå andre miljøa som rekrutterar frå faget vårt. Geofag opnar dørane til arbeidslivet!

Auditorium I er opppussa

Auditorium 1Som dei fleste vil ha registrert har Auditorium I vore stengt i haust for oppussing og ombygging. Den direkte årsaka var kravet om “universell tilrettelegging” – det vil her seie tilgjenge for personar med rørslehemming. Heile auditoriet er nå snudd med inngang rett til grunnplanet. Utover det er alt nytt. Eit topp moderne auditorium med 80 plassar sto dermed klart til semesterstart 17. januar. Åpninga var likevel Geir Moholdts disputas 6. januar.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.