Posts Tagged 'studier'

Gode søkartal til geofag

Tala frå Samordna opptak for studieåret 2013/14 er nå offentleggjort, og vi kan glede oss over svært god søking til studieprogramma våre. “Geofag: geologi, geofysikk og geografi” har 167 fyrstevalgsøkarar, opp 17% frå i fjor, og “Fysikk, astronomi og meteorologi” er attende til gammal styrke med 155 søkarar, opp 27%. Sjølv etter auken av talet på plassar dei siste åra er nå geofag-proframmet det som flest søkarar i høve til studieplassar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, 2,23 pr studieplass.

Samtidig har vi også stor auke på søkinga til masterprogrammet, 152 1. prioritet-søknader. Geofag er i vinden!

Gode søkartal for geofag

OpptakstalFørebels tal frå samordna opptak er no klare. Totalt er ein auke i søkarar på 6.6% frå 2011, for realfaga 11.2%.  UiO har ein generell auke på 5.2%

På studieprogrammet GGG - Geofag: Geologi, geofysikk og geografi er det 143 fyrstevalgssøkarar, opp 46% frå i fjor, og på FAM – Fysikk, astronomi og meteorologi 122, ein liten nedgang frå i fjor. Kvinnedelen er på 50% på GGG, 34% på FAM. Dette er ein fin auke for begge programma, i fjor var tala 44 og 30%. 

Vi ser liknande utvikling for dei andre lærestadene. Geovitenskap ved UiB har tilsvarande auke, 55%, medan Meteorologi og oseanografi har ein nedgang. Geologistudiet ved NTNU har ein auke på 58% og  geologistudiet ved UiT har nesten ei dobling av søkartalet, frå 30 til 54. Petroleumsfag ved NTNU toppar lista med ei tredobling av søkninga frå i fjor. Høgskulen i Sogn og Fjordane held fram med den fine utviklinga på programmet Geologi og geofare, opp frå 17 til 25. Geomatikkstudiene syner noko varierande  utvikling - ved UMB aukar søkinga, medan den går noko ned ved Høgskolen i Gjøvik.

Rapportsida for samordna opptak finn du her, og søkartala for UiO her. Med 2.4 søkarar for kvar av dei 60 studieplassane på GGG og med den store interessa for geofag saman med den store etterspurnaden etter kandidatar innan faget ser vi at det ville vere fint om talet på studieplassar kunne aukast.

Studiekvalitet.no

Gruppearbeid på SVALEXTekna med samarbeidspartnerar (Telenor, Nordea, Abelia, NCE Systems Engineering Kongsberg, NHO, Microsoft, Civita, NIFU og Norsk Studentorganisasjon) har lansert nettsida studiekvalitet.no. Studentar og søkarar skal her kunne sjekke kvalitetsindikatorar på dei ulike studieprogramma og studiestadane. Eit godt tiltak – når vi vert evaluert på forskningskvalitet, og stadig vert ranka på internasjonale indeksar er det berre naturleg at vi blir evaluert utanfrå på studiekvalitet også. Det vil vere nyttig for søkarar og eit insitament til å forbetre seg studiestadane.

Nå skal det seiast at portalen verkar noko uferdig enno. Mellom anna går det ikkje klart fram at det berre er masterprogramma som er lista opp for universiteta. Den som vil ta master i geofag hjå oss skal søke opptak på eit av bachelorprogramma “Geofag: Geologi, geofysikk og geografi” eller “Fysikk, astronomi og meteorologi”. Det er karakterkrava for desse som er relevante for opptak. Vidare er bakgrunnsdata frå kandidatundersøkingane ikkje detaljert ned til studieprogramnivå – det ser ein til dømes av at nesten alle studieprogram innan realfag på UiO har 91.4% av kandidatane i relevant arbeid etter eit halvt år, med ei månadsløn på 31 263 kr.

Det sagt, så ser vi at realfagsprogramma på UiO ligg svært høgt i nasjonal samanheng på alle kvalitetsindikatorar, så for den som vil ha ein spennande studieplass og vere sikra relevant arbeid etterpå er dette sikre valg!

Open dag – studentar in spe

MjølnirDer er ekstra liv på campus i dag, vi har vitjing av elevar frå vidaregåande skular over heile Austlandet. Instituttet deltek med foredrag i vårt nyopppussa bibliotek og stand i idrettsbygningen. Foredraga er:
Elin Kallesson: Meteorittkratere
Camilla Weum Stjern: Forurensning påvirker nedbørsmengden. Kan vi kontrollere regnet?
Brigt Ove Vaage:Geofag: Studier som gir spennende jobber

og ein gjesteforelesning frå IFE:
Tor Bjørnstad: Oljedetektivene – de syngende molekyler

Standen i idrettsbygningen er om CO2-lagring (Helge Hellevang) og metorittkrater (Elin Kallesson).

Vi ynskjer våre framtidige studentar velkomen!

Vitjing frå prærien

Norse nationUte på prærien i Midt-Vesten, i Iowa, ligg Decorah, ein liten “norsk” by med vel 8000 innbyggarar. For norskamerikanerar er byen særleg kjent for Decorah-Posten, norsk avis som vart utgjeven frå 1874 til 1972, slektgransking på biblioteket, og Luther College. Luther College vart grunnlagt av norske innvandrarar i 1861 og feirar dermed jubileum i år. Det er altså berre 50 år yngre enn UiO – rektor Ottersen har nett vitja dei i høve jubileet. Det er eit “liberal arts” college, altså bachelor-høgskule, og talet på studentar har vokse frå 16 til 2500. I januar tilbyr dei “danningskurs” for sisteårstudentar i utlandet. Ei av klassane, to lærarar og 25 studentar frå all slags fagområde, vitja oss i januar etter å ha vore i Tyskland og Danmark. Kurset var “Advanced Models of Sustainability”, som har fokus på fornybar energi. Hjå oss lærde dei om norsk vasskraft – produksjon og marknad, om konflikter rundt vasskraftutbygging og monstermastdebatten. Det var mitt tilskot. Vidare hadde dei forelesingar om smarte gatelys i Oslo og Hynor – den norske hydrogenvegen (frå Stavanger til Oslo). Dagen etter diskuterte dei Lofoten og oljeutvinning med Natur og ungdom. For den som måtte vere intessert: Kurset er på fire US credits og kostar 3800 USD …

Biletet: “Norse Nation”, frå heimesidene til Luther College.

Tal frå samordna opptak

“99%-tala” frå Samordna opptak 2010 er no offentleggjort. Talet på søkarar med Geofag-bacheloren som fyrstevalg er 83, opp frå 70 i fjor. 35 kvinner – 42%. På Fysikk, astronomi og meteorologi er søkartalet 140, opp frå 112 i fjor. Det er ein nedtur at det berre er 33 kvinner – dette er eit program som har hatt god kvinneandel. Siri – kvar er du? For heile MatNat er det ein nedgang i søkartalet på 5%. Elektronikk og datateknologi har størst auke, så kjem dei to bachelorprogramma “våre”, og så Matematikk, informatikk og teknologi. Alle tala finn du her.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.