Posts Tagged 'meteorologi'

Gode søkartal til geofag

Tala frå Samordna opptak for studieåret 2013/14 er nå offentleggjort, og vi kan glede oss over svært god søking til studieprogramma våre. “Geofag: geologi, geofysikk og geografi” har 167 fyrstevalgsøkarar, opp 17% frå i fjor, og “Fysikk, astronomi og meteorologi” er attende til gammal styrke med 155 søkarar, opp 27%. Sjølv etter auken av talet på plassar dei siste åra er nå geofag-proframmet det som flest søkarar i høve til studieplassar på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, 2,23 pr studieplass.

Samtidig har vi også stor auke på søkinga til masterprogrammet, 152 1. prioritet-søknader. Geofag er i vinden!

Opptaket er klart

Samordna opptak har no lagt ut tala for hovudopptaket. Vi hadde svært god søking i år, og sjølv om vi har auka opptaket til Geofag-programmet (GGG) kraftig (over 100 har fått tilbod, så har karakterkrava stege. Poenggrensa for ordinært opptak er i år 48.3, mot 43.8 i fjor, for fyrstegongsvitnemål 44.2. Til Fysikk, astronomi og meteorologi-programmet (FAM) ligg poenggrensa omtrent som i fjor, rundt 40.

Detaljane finn du på heimesidene til Samordna opptak. Kommentar til opptaket ved UiO her

Då ser vi fram til å møte mange flinke nye studentar over sommaren!

Vilhelm Frimann Koren Bjerknes

Vilhelm BjerknesVi har feira 150-års dagen til Vilhelm Bjerknes – fysikkprofessoren som gjorde meteorologi til vitskap, og bygde opp ei operativ vêrteneste for Vestlandet. Historia om Bjerknes er i høve jubileet fortalt mellom anna i Aftenposten og Bergens Tidende, og Wikipedia har solid omtale av han, det samme har Store Norske, så det er knapt naudsynt gå i detaljar her. Av enkelte oppslag i høve jubiletet kan ein få inntrykk av at han er gløymt. Det er langt frå slik. Google gjev 540 000 tilslag på namnet hans, og han er nok den norske geovitaren som er best kjent internasjonalt.

Det er mange fascinerande sider ved Bjerknes. Ei er sjølvsagt at han brukte sin sterke teoretiske kunnskap i fysikk til å revolusjonere meteorologien – det visar verdien ved å gå på tvers av og bryte ned faglege grenser. Så må han ha vore ein strålande formidlar – eit foredrag i Washington DC i 1904 gav han støtte til to assistentar frå Carnegie Institution i over 30 år, og kronikkar i Aftenposten om nye prinsipp for vêrvarsling og eit kort møte med statsmininster Gunnar Knudsen skaffa løyvingar til å bygge opp eit meteorologisk observasjonsnett. Ikkje mindre imponerande er evna hans til å velge ut flinke assistentar og løfte dei fram. Resultatet var at dei, og så elevane deira vidareutvikla meteorologi til det kunnskapsnivået vi har i dag. Bergensskulen vart eit internasjonalt omgrep innan geovitskapane, og det går ei direkte linje frå Bjerknes til dei fremste forskarane innan fagfeltet no. Slik er det også i dag viktige lærdomar å hente frå Vilhelm Frimann Koren Bjerknes – om verdet av tverrfagleg virke, om nytten av forskningsformidling, og om å ta vare på etterveksten.

Biletet: Overbibliotekar Live Rasmussen kronar Vilhelm Bjerknes ved opninga av det nye Realfagsbiblioteket i Vilhelm Bjerknes hus.

Over skyene med THORPEX

BAMSEin sentral publikasjon frå International Polar Year-prosjektet THORPEX-IPY: “Improved forecasting of adverse weather in the Arctic region – present and future” er forsideoppslaget på det velrennomerte tidskriftet Bulletin of the American Meteorological Society (BAMS) 2011/11. Artikkelen er “The Norwegian IPY–THORPEX: Polar Lows and Arctic Fronts during the 2008 Andøya Campaign”
J. E. Kristjánsson, I. Barstad, T. Aspelien, I. Føre, Ø. Godøy, Ø. Hov, E. Irvine, T. Iversen, E. Kolstad, T. E. Nordeng, H. McInnes, R. Randriamampianina, J. Reuder, Ø. Saetra, M. Shapiro, T. Spengler, H. Ólafsson. Godt levert!

Geoengineering og klimamanipulering

Jón Egill KristjánssonInstituttet deltek i eit stort EU-prosjekt om “geoengineering” – tekniske inngrep for å motverke klimaendring. Prosjektet, “Implications and risks of engineering solar radiation to limit climate change (IMPLICC)” er ein del av det sjuende rammeprogrammet og har fem partnerar frå dei fremste europeiske forskingsmiljøa på dette feltet. Dei inngrepa prosjektet ser på er reflektorar i verdsrommet, innsprøyting av svovel i stratosfæren og innsprøyting av sjøsalt i atmosfæren for å auke mengda av låge skyer. Professor Jón Egill Kristjánsson ved Avdeling for meteorologi og oseanografi leier arbeidet ved UiO. Han deltok i to “Ekko”-innslag i P2 denne veka. For dei som gjekk glipp av dette har vi podcast av sendingane her:
3. nov kl 13:40: Viten: Klima – Vår magiske virkelighet
4. nov kl 9:03: Klimamanipulering.

Irene på veg nordover

IreneNOAAs sitt National Hurricane Center er den offisielle sida for stormvarsel, men ettersom den tropiske syklonen no trugar New York har New York Times svært god dekning, med track varsel, evakueringskart og reportasjar. Det vert ellers sagt mykje rart på norske media om Irene, som at 55 millionar skal evakueras, at det er ei skypumpe, og at den rører seg med ein far av 160 km/t, medan det heller er 20 km/t. Og så kan ein fundere over korleis ruta vert vidare når og dersom Irene dreg ut i Nord- Atlanteren.

Studentopptak hausten 2011 på Institutt for geofag

Antall primærsøkereTilboda har nå gått ut til søkarane til bachelorprogramma, med svarfrist 26. juli. På programmet Geofag: Geologi, geofysikk og geografi (GGG) med 60 studieplassar (etter utviding) er det 560 søkarar totalt, av desse 101 fyrstevalg. Her har det gått ut tilbod til 77. På programmet Fysikk, astronomi og meteorologi (FAM) med 85 studieplassar er det 771 søkarar, 120 fyrstevalg – her har det gått ut 130 tilbod. Velkomstmøtet på instituttet for dei nye bachelorstudentane vert 15. august.

Talkjelde: Samordna opptak

Kondensasjonsstriper – eit spesielt eksperiment

contrailAt flytrafikk kan påverke klimaet og veret er eit kjent tema i klimaforskninga – det gjeld drivhuseffekkten av CO2-utsleppa, men også verknadene av kondensasjonsstripene (contrails), som kan endre strålingsbalansen både i det kortbølga og langbølga området. Instituttet har vore involvert i forskning rundt dette spørsmålet lenge – mellom anna som medlem av det europeiske Network of Excellence ECATS (Environmentally Compatible Air Transport System), som nå er vidareført som sammenslutningen ECATS International. Når det gjeld kondensasjonsstriper har det springande punktet vore om effekten av dei er auka drivhuseffekt (pga redusert utgåande langbølga stråling) eller redusert drivhuseffekt (pga auka refleksjon av innkomande kortbylgja stråling. Det siste tilskotet til diskusjonen er ein artikkel i Journal of Climatology som analyserer bakketemperaturen i Tyskland i samband med massive allierte bombeangrep under andre verdskrigen. Forfattarane finn at den umiddelbare verknaden er ein temperaturreduksjon. Ein uventa bruk av gamle data, og eit eksperiment som vi får tru ikkje kan gjerast omatt!

Gode søkartal på Geofag

Antall primærskereSamordna opptak friga søkartala til høgare utdanning i dag. På landsbasis aukar talet på søkarar i snitt med 5.3% frå 2010 til 2011, og søkinga til realfag med 8.6%. På fakultetet aukar talet på primærsøkarar med 14%. På “våre” program er stoda at for Geofag: Geologi, geofysikk og geografi held den gode utviklinga fram, med 98 primærsøkarar, opp 18% frå i fjor, og meir enn ei fordobling frå 2005 (41 søkarar). Fysikk, astronomi og meteorologi, har ein liten nedgang frå i fjor, men har ser ut til å ha stabilisert seg på rundt 140 søkarar etter ein svak periode for nokre år sidan. Skal ein peike på ei negativ utvikling må det vere at lektorprogrammet i realfag har ein nedgang på 22%. Vi treng dyktige lærarar i realfag!

På dei andre lærestadane ser vi gjennomgåande ein auke for geologi-programma, og stor sett status quo for dei andre geofaga. Det er særleg hyggeleg å kunne gratulere Høgskulen i Sogn og Fjordane med ein auke frå 17 til 26 på det unge programmet i geologi og geofare!

Kjelde: Samordna opptak

Det lengste året

ForskningsflyDet internasjonale polaråret (IPY) vert i desse dagar avslutta med ein nasjonal sluttkonferanse i Tromsø. “Året” tok til i 2007, med to år med konsentrert internasjonal feltinnsats og så analyser og publisering. Institutt for geofag har hatt leiinga av to prosjekt, og har delteke i mange andre. “Våre” prosjekt er IPY-Thorpex, leia av Jón Egill Kristjánsson og GLACIODYN, leia av Jon Ove Hagen. Det fyrste er om polare lågtrykk og polarstormar, og har fått stort oppslag i Aftenposten i dag 12. april, under titttelen “De gjorde værvarslet sikrere”. Her finn du intervju med Øystein Hov og Jón Egill. GLACIODYN handlar om verknaden av klimaendringar på breane i Arktis. Prosjektet har no fått ein avløysar i det nordiske toppforskningssenteret SVALI, også leia av Jon Ove. For begge prosjekta, og for IPY generelt, gjeld det at dei store datamengdene som har vorte innsamla vil vere til stor nytte for internasjonal prolarforskning i mange år framover.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.