Innlegg merka 'geohazards'

Studér geofag!

hemisphere eastFrist for søknad til samordna opptak er like rundt hjørnat. Er du interessert i realfag så er geofag eit sikkert valg – aldri har vel kunnskap den blå planeten vore så aktuell som i dag. Klima, energi, miljø, naturessursar, naturfarer – alt finn du innan geofagstudia.




Geofag ved Universitetet i Oslo:
http://www.uio.no/studier/program/geofag/
http://www.uio.no/studier/program/fam/
Fotomosaikk: NASA

Irene på veg nordover

IreneNOAAs sitt National Hurricane Center er den offisielle sida for stormvarsel, men ettersom den tropiske syklonen no trugar New York har New York Times svært god dekning, med track varsel, evakueringskart og reportasjar. Det vert ellers sagt mykje rart på norske media om Irene, som at 55 millionar skal evakueras, at det er ei skypumpe, og at den rører seg med ein far av 160 km/t, medan det heller er 20 km/t. Og så kan ein fundere over korleis ruta vert vidare når og dersom Irene dreg ut i Nord- Atlanteren.

Min eller din flaum?

Cairo illDet er ikkje berre tornadoar som herjar i USA om dagen. Kraftig snøsmelting og mykje nedbør har gjeve storflaum i Mississippi i Minnesota og Illinois, og samtidig er Ohio (elva) svært høg på grunn av store nedbørmengder. Ved samløpet av elvane ligg det ein liten by, Cairo, heilt sør i Illinois. Vatnhøgda her er no på det største nokon gong, 20 fot over flaumvasstand, og er i ferd med å gå over flaumverka. Litt lenger sør, over grensa til Missouri, er det mogeleg å opne dikene (ved sprenging) og dermed senke vasslinja nordover til Cairo. Det bur 2300 mennesker i Cairo, å sprenge flaumverka vil overfløyme 530 km2 jordbruksland. Det er det store arealet som nett gjev den gode effekten på flaumen. Staten Missouri har prøv å stoppe opninga av dikene rettsleg – dette er no sett til side av høgare domstol og US Corps of Engineers førbur sprenging. Det gjer ikke saka betre at talsmannen i delstatforsamlinga i Missouri offentleg har sagt at det er betre å overfløyme Cairo enn jordbrukslandet i hans eigen stat, med klare hint om at Cairo ikkje er stort å spare på. Innbuarane er stort sett afroamerikanske, og ein stor del lever på fattigdomsgrensa. Så i tillegg til å vere eit teknisk/økonomisk problem har flaumen no fått ein politisk dimensjon med jurdiske sider og beskuldningar om rasisme. Delstat mot delstat og bønder mot by – eit godt eksempel på kor kompleks vassforvaltning kan vere.

Google-kart over området finn du her.

1000-års bylgje?

TsunamiDet er sjølvsagt for tidleg å analysere den katastrofale tsunamien i Japan – det fysiske omfanget er knapt kartlagt enno. Dr. Roger Musson, som er leiar for “Seismic Hazards and Archives” ved British Geological Survey, har likevel tankar om at dette kan vere ei 1000-års hending. Bakgrunnen er at den førre tsunamien i Japan av samme storleik ser ut til å ha vore den i 869 e.kr., og at ein kjenner til et par tidlegare hendingar i samme klasse over dei siste 3000 åra. Slike hendingar set både historiske og geologiske spor, og det er grunnlaget for at ein kan ha ei meining om frekvensen. At det er ei tusenårshending betyr (diverre for Japan) ikkje at det er 1000 år til neste gong, men at det er 1/1000 sannsynlegheit for at hendelsen skal skje i eit bestemt år. Nå må ein nok tru at det går eit stund til neste gong i Japan, sidan det nok tek tid før det bygger seg opp store nok spenningar i jordskorpa til at det kan utløyse eit nytt styrke 9-jordskjelv.

Ein skal også merke seg at dersom analysen til Musson er rett, så betyr det at dette var ei tusenårshending i Japan, ikke globalt.

Meir hjå BBC, som også har rettane til biletet.

Ny naturkatastrofe undervegs i Queensland

YasiQueensland har berre så vidt kome seg over storflaumen før neste katastrofe trugar. Den tropiske syklonen Yasi er nå i ferd med å nå land ved Cairns. Yasi er i høgste styrkeklasse, 5, og har vindstyrke på over 300 km/t. Dette er den sterkaste stormen som nokon gong er registrert i Australia, og overgår i vindstyrke for eksempel Katrina som raserte New Orleans i 2005. Tropiske syklonar har dobbel øydeleggande effekt – fyrst ved vinden, og så ved flaumar og skred som fylgjer den sterke nedbøren, 1 m (1000 mm) nedbørhøgde er ikkje uvanleg. Stormen når land nå i ettermiddag 2. februar (natt i Australia).

Meir om varsel og oversikter finn du på heimesidene til Australian Bureau of Meteorology.

Satellittdekning og andre bilete frå BBC.

Biletet er frå Wikimedia Commons

Samarbeid med Vietnam National University om geohazards

VNU14. juni var det underteikna ein trekantavtale om samarbeid innan undervisning og forsking innan naturfarar mellom Vietnam National University (VNU), NGI og UiO, og ein generell samarbeidsavtale mellom VNU og UiO. Samarbeidet har finansiell støtte frå UD, og dei to landa ser på dette som så viktig at både miljøvernminister Solheim og visestatsminister Huang Trung Hai var til stade ved underteikninga her i Oslo. Pressemeldinga frå UD finn du her.

I høve underteikninga vart vi vitja av ein delegasjon frå VNU, det var rektor Mai Throng Nhuan (geokjemikar og også leiar for Department of Geoenvironment), viserektor Nguyen Hoang Luong, (faststoff-fysikar), Nguyen Van Vuong, Dean of Faculty of Geology (tektonikk og geodynamikk) og Vu Quoc Huy, Dean, Faculty of Development Economics. Fokus for samarbeidet vil i fyrste omgang være hjelp til å bygge opp eit engelskspråkleg masterprogram i Hanoi tilsvarande vår linje “Environmental Geology and Geohazards”, og student- og lærarutveksling i samband med dette. Delegasjone sette ellers stor pris på å møte dei vietnamesiske doktorkandidatane våre, Phan og Pham.
Biletet: Valérie og rektor Nhuan i livleg diskusjon.

Invitasjon til “Hunting high for Polar Lows”

OSCVi vil gjerne invitere til en spesiell fremvisning av “Jakten på polarstormen” onsdag 9. juni kl. 15.00 på Rådhusplassen.

I forbindelse med Oslo Science Conference og avslutningen av det internasjonale polaråret, har forskerne Ivan Føre ved Universitetet i Oslo og Øyvind Sætra fra Meteorologisk institutt trådt ut av sitt vante vitenskapelige format for å dele sin kunnskap om polare lavtrykk.

Polare lavtrykk oppstår hurtig og er vanskelige å varsle. Liv og verdier er i fare når slike arktiske sykloner feier inn over norskekysten, vanligvis 10-15 ganger hvert år.

I løpet av et kvarter får du oppleve en heroisk redningsaksjon fra Finnmarkskysten som utspant seg under den første polarstormen vi kjenner, samt resultatene fra et fantastisk spennende feltarbeid. Sølvguttene deltar også i spesialforestillingen kl. 15.00.
Velkommen!

Vennlig hilsen

Pernille Thapa
Informasjonsrådgiver, Meteorologisk institutt
Thor A. Thorsen
Informasjonsrådgiver, Institutt for geofag, UIO
Erlend A. T. Hermansen
Informasjonsrådgiver, CICERO Senter for klimaforskning

Disputas og seminar om tørke

Anne Kristina Fleig forsvarar avhandlinga si A study of regional hydrological droughts and related mesoscale hydroclimatological processes in north-western Europe for ph.d.-graden torsdag 27. mai. Prøveforelesinga, Similarities and differences between droughts in humid and dry regions: causes, characteristics and impacts er kl 10:15, og forsvaret kl 13:15, begge i Auditorium I i Geologibygget.

Dagen etter vert det seminar om tørke med opponentane Cintia Uvo, Lunds universitet, og Justin Sheffield, Princeton, frå 10:15 til 12:00, også i Auditorium I. Alle er velkomne!

Storflom i Polen

Det er storflom i Polen, både i Vistula og Oder med sideelvar, med gjennombrot i flomverka mange stader – som Sandomierz, Wroclaw og rundt Krakow og Warsawa. Det er ikkje så mykje organisert informasjon å finne, og det ser ut som om lokal varsling har fungert dårleg. Heimesidene til Institute of Meteorology and Water Management” har oversikt av vannstand på utvalgde hydrologiske målestader. Flomstørrelsen ser ut til å vere over hundreårsflommen mange sentrale stader. Det ser ut til at flomkuliminasjonen i dei øvre og midtre delene av vassdraga, ned til Torun i Vistula og Brzeg i Oder, har kuliminert, men vannstanden er aukande i dei nedre delene. Det er meldt mindre regn framover. Den forrige storflommen i Polen var i juli 1997. Den ser ut til å ha vore større i Oder, men mindre enn den noverande i Vistula.

Siggi om Eyjafjallajökull

SiggiProfessor Sigurður R Gíslason frå systerinstituttet vårt på Háskóli Íslands, Jarðvísindastofnun Háskólans, held eit fascinerande foredrag om Eyjafjallajökull-utbrotet for eit fullpakka Forum i CIENS torsdag 22. april, med unike bilete og eigne video-opptak. Intervju med Siggi på VG-nett finn du her.



Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.